Fattig kunstnar/gnien sunnmøring er ein uslåeleg kombinasjon. Eg var på Øye utan måling og laga dermed mi eiga maling. Ein gamal teknikk. Eg stal nokre egg frå tørrvarelageret, tok så plomma, stal litt vatn frå springen, og lånte litt oske frå denne peisen:
Resultatet vart ei litt brun maling med mykje tekstur. Eg ser på dette som eit eksperiment og trur eg skal prøve å gjere meir ut av det seinare. Eg prøvde ut å kombinere det med fargeblyant og tusj, med noko vekslande hell må eg seie, men eksperimentering er eksperimentering.
Alle måleria er i A3-storleik.