“Lyden av”-serien i sin heilskap.

Opning i Art Café, pedersgata 39 fredag 18. november kl 1900. Min film FREYR vert vist i Pedersgata nr 29.
Eg skal stille ut kunstfilmen min “FREYR” under Rogaland Open 18. til 20. november, då held ei mengde atelier og kunstinstitusjonar i Stavanger og omegn ope hus. Filmen vert utstilt på ei video/performance-utstilling i tomme butikklokaler i Pedersgata i Stavanger sentrum, eit prosjekt som heiter Letting Space. Dei andre kunstnarane er: Kenneth Varpe, Anne Helen Robberstad, Eirik Lyster, Joakim Lunde, Birgitte Løvås og Sjur Aas.
I tillegg er det ope hus på Kunstskulen søndag 20. november.
Eg har ein Nokia 35 10i, ein klassikar frå byrjinga av forrige tiår. Denne har eg hatt sidan 9. november 2004, altså sidan eg var fjorten år. Den er ganske utdatert og er i ferd med å bli litt for hipp. Eg har hatt eit prosjekt no som eg treffande nok har kalt “Connecting people”, der eg har fått Synnøve, Finn, Olav og Eivind til å sende meg bilete frå deira langt smartare mobiltelefonar til min gamle, som slit litt med å presentere bileta for meg. Så har eg mala bileta etter det eg ser, og det har blitt nokre slags abstrakt-ish maleri. Eg hadde inga aning om kva fotografia skulle forestille.























