HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: Utstilling

Bilete frå utstillinga i Syvde

Mykje folk og musikalsk innslag

Mykje folk og musikalsk innslag

Nyaste måleri

Nyaste måleri

Utstilling Kostarikjedagane 2010

Eg skal bidra med nokre bilete på kollektivutstilling i Kunstkjellaren under Kostarikjedagane i Vanylven. Utstillinga opnar laurdag 22. mai kl 1430.

Program Kostarikjedagane

Program Kostarikjedagane

Eldrebølga

For nokre veker sidan fekk vi oppgåve som gjekk ut på å lage kunst i bokform. Eg laga ei lita soge om Eldrebølga. Eg har høyrt litt om denne eldrebølga, og har skjønt at det ikkje er ein bra ting. Bøkene er utstilt på Trondheim hovudbibliotek akkurat no!

Eg har kome fram til at minstepensjonistar er dei minste pensjonistane - dei er glade i å lage styr

I hovudrolla hadde eg sett meg sjølv. Olav og Sunniva dukka også opp.

Sommarutstilling i Ørsta

Eg skal vere med og stille ut åtte bilete i på Ørsta Kunsthus i Ørsta sentrum i sommar. Den skal henge der frå laurdag 27. juni til 15. august. Opninga av salsutstillinga er laurdag 27. juni kl 1300, og då er sjølvsagt alle hjarteleg velkomne. Opninga er eit arrangement som går under dei Nynorske Festspela.

CIMG3898

Utstilling på Teas selskapssalong,

Tea's selskapssalong

Ganske stilige lokale. Det er ein nedlagt og ombygd barnehage på Eidså som no har blitt selskapslokale/restaurant og galleri. Mor mi sin første jobb i Vanylven var i denne barnehagen, og eg hang her ein del medan eg var i magen hennar. Her er det i alle fall utstilling med nokre bilete som eg har laga, samt nokre bilete av andre kunstnarar. Den kjem til å vere open dei neste to søndagane (7. og 14. juni) frå 1300-1800, og arrangerast i samband med Kostarikjedagane i Vanylven. Du er sjølvsagt hjarteleg velkomen.

Du kan mellom anna sjå dette biletet.
Du kan mellom anna sjå dette biletet.

Tea's selskapssalong

Golfkunst

På golfbana på Eidså, Vanylven

På golfbana på Eidså, Vanylven

CIMG4075

CIMG4077

Frå utstllinga i Stryn.

Dette selde eg til ein som byggjer barnehagebussar

Dette selde eg til ein som byggjer barnehagebussar

Eg selde fem bilete på utstillinga i Stryn. Det er eg særs nøgd med. Kjekt å prøve seg til og med utanfor Møre og Romsdal.

Vi fekk blomar og alt.

Vi fekk blomar og alt.

Utstilling og konsert i Stryn 15. mai.

Dersom du trykker her kjem du til heimesida til Stryn kulturhus, og der kan du lese at eg og Mailis skal spele konsert på kulturhuset der fredag 15. mai kl 2100. I tillegg vert det ei salsutstilling der eg stiller ut ti bilete. Mellom anna skal eg stille ut:

og

Golfutstilling

Fredag 15. mai kl 1900 er det opning av utendørs kunstutstilling på golfbana på Eidså, Vanylven. Såvidt eg har forstått er det eit bilete som står ved kvart hol i golfbana, og det er bilete som er scanna og forstørra. Eg har fått bidra med eit bilete som har blitt forstørra opp til 1×2 meter, altså større enn meg! Biletet kan du sjå under.

Blåbrun dame, Henrik Koppen 2009

Killer Queen

cimg2030

I høve musikalen til musikklinja laga eg eit portrett av sjølvaste Killer Queen som skal henge på veggen på scena. Det er liksom Trude, det liknar ikkje så veldig, men det gjer ikkje så veldig mykje, ein skal liksom berre skjønne at ho med grøne klede og pinnar i håret er Killer Queen. På ein måte blir biletet stilt ut. På ei scene.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.