HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: Utstilling

Bilete frå “Letting Space”

This slideshow requires JavaScript.

Bilete frå opninga av “Letting Space”, videoutstilling i Pedersgata, Stavanger november 2011. (Bileta over er eit slideshow) Vising av filmen FREYR:

LETTING SPACE: 18-20 november

 

 

Opning i Art Café, pedersgata 39 fredag 18. november kl 1900. Min film FREYR vert vist i Pedersgata nr 29.

 

 

Rogaland Open (utstilling)

Eg skal stille ut kunstfilmen min “FREYR” under Rogaland Open 18. til 20. november, då held ei mengde atelier og kunstinstitusjonar i Stavanger og omegn ope hus. Filmen vert utstilt på ei video/performance-utstilling i tomme butikklokaler i Pedersgata i Stavanger sentrum, eit prosjekt som heiter Letting Space.  Dei andre kunstnarane er: Kenneth Varpe, Anne Helen Robberstad, Eirik Lyster, Joakim Lunde, Birgitte Løvås og Sjur Aas.

Stillbilete frå FREYR, januar 2011

Stillbilete frå FREYR, januar 2011

 

Stillbilete frå FREYR, januar 2011

I tillegg er det ope hus på Kunstskulen søndag 20. november.

Lento Lugubre

Lento Lugubre. Herik Koppen 2011 Lydkunst

Lento Lugubre. Herik Koppen 2011 Lydkunst

Lento Lugubre, partitur

Eg har teke ein note, “I balladetone” av Edvard Grieg, eit klassisk stykke eg sjølv kan spele på piano. Sjølve notane har blitt fjerna frå partituret, slik at det kun er teksten (på italiensk), som forklarar dynamikken, som er igjen. Eg har fått fire jazzstudentar frå Konservatoriet til å improvisere med utgangspunkt i partituret kvar for seg, dei må altså samstundes improvisere og vere bundne av den strenge forma. Dei fekk ikkje vite kva komponist det var og kva stykke dynamikken kom frå. Etter å ha fjerna noko frå det gamle, blir noko nytt skapt utifrå den gamle formen. 

Musikarane er:

Torkjell Hovland – kontrabass

Martin Svendsen Ulvin – trommer/perkusjon

Tarjei Kjerland Lienig – piano

Marthe Lea – saksofon

I tillegg spelte eg inn det klassiske stykket av Grieg sjølv på piano.

Innspeling med Torkjell Hovland

Innspeling med Torkjell Hovland

“Lento Lugubre” er italiensk og tyder sakte, “lugubert”.

Lento Lugubre, Henrik Koppen 2011

Lento Lugubre, Henrik Koppen 2011

Lydinstallasjonen vert stilt ut på Tou Camp i Stavanger, og vert hengande der frå 26. mai til 26 juni 2011. Heile klassa mi stiller ut der, saman med mange andre kunstnarar m.a.

Frå utstillinga på Tou Scene

Frå opninga.

Opning av Tou Camp

26. mai 2011. Trykk på bileta for større versjon.

Tou Camp

Tou Camp er ein multikunst-festival i Stavanger som varar frå 26 mai til 26. juni. Klassa mi skal ha ei utstilling i den gamle kantina på det nedlagde  bryggeriet Tou under heile festivalen. Den opnar altså fredag 26. mai kl 20 på ein heftig opningsfest med fleire andre kunstutstillingar, konsertar osv.

Programmet for Tou Camp på pdf.

Der kan ein få sjå dette måleriet i levande live

Vernissage på Le Rustique

Nokre bilete frå ein veldig kjekk septemberkveld på Majorstuen i Oslo

Utstilling i Oslo!

Fredag 1. oktober stiller eg ut ein del måleri på kulturcaféen Café Rustique på Majorstuen (Majorstuenvegen 33) i Noregs største by. Opninga vert kl 1830-2030, og alle er hjarteleg velkomne. Eg gler meg veldig i alle fall. Trykkjer du her finn du kart over kvar caféen er. Utstillinga vert hengande fram til 20. oktober. Facebookhending finn du her.

Utstilling i Stavern

Frå opninga

Frå opninga

Nokre av mine måleri

Nokre av mine måleri

Så var mitt livs hittil største utstilling opna, i den vesle kunstbyen Stavern, ein særs sjarmerande stad må eg seie. Det er veldig rart å tenkje på, no som eg er på Sunnmøre att, at i den andre enden av Noreg heng bileta mine og folk går og ser på dei, og kven veit, kanskje nokon kjøper noko der?

Utstillinga er opa frå 26. juni til 1. august alle dagar, og den er på Sensorium Galleri midt i Stavern. Eg er ein av tre unge kunstnarar som stiller ut på denne utstillinga, dei andre to er Anette Mehl Landmark og Marianne Mehl Lauvland.

Landmerke i Stavern

Landmerke i Stavern

Random slesk kunstnar i Stavern

Random slesk kunstnar i Stavern

Banneret som heng utanpå galleriet

Banneret som heng utanpå galleriet


Backdrop

the Pink Robots

the Pink Robots

Eg har gløymt å fortelje at eg fekk måle Backdropen til Trøndertun Rock Festival  i vår! Det var stor stas, då fekk det ærefulle oppdraget å få i stand eit slikt bakteppe, eit kunstverk som skulle henge bak på scena. Det er handmalt akryl på lerret, og 2,5mx4m, større enn noko eg nokon gong tidlegare har måla. Det medførte ein del utfordringar men gjekk då bra.

Festivalen vart ein stor suksess, det var hundrevis av Trøndertun-band samt årets Urørtvinnarar, the Pink Robots (som har Trøndertun-bakgrunn) og progrock-bandet 22.

Sånn såg scena ut utan musikarar
Sånn såg scena ut utan musikarar
Midtpunktet

Midtpunktet

22 på Trøndertun

22 på Trøndertun

Her er ei mengd bilete som du kan få større ved å trykke på:

Eg har gløymt å fortelje at eg fekk måle Backdropen til Trøndertun Rock Festival  i vår! Det var stor stas, då fekk det ærefulle oppdraget å få i stand eit slikt bakteppe, eit kunstverk som skulle henge bak på scena. Det er handmalt akryl på lerret, og 2,5mx4m, større enn noko eg nokon gong tidlegare har måla. Det medførte ein del utfordringar men gjekk då bra.

Festivalen vart ein stor suksess, det var hundrevis av Trøndertun-band samt årets Urørtvinnarar, the Pink Robots (som har Trøndertun-bakgrunn) og progrock-bandet 22.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.