Lekestue #1
Film, 5 minutt.
Samarbeidsprosjekt med Ragnhild Rott.
Film, 5 minutt.
Samarbeidsprosjekt med Ragnhild Rott.
Fattig kunstnar/gnien sunnmøring er ein uslåeleg kombinasjon. Eg var på Øye utan måling og laga dermed mi eiga maling. Ein gamal teknikk. Eg stal nokre egg frå tørrvarelageret, tok så plomma, stal litt vatn frå springen, og lånte litt oske frå denne peisen:
Resultatet vart ei litt brun maling med mykje tekstur. Eg ser på dette som eit eksperiment og trur eg skal prøve å gjere meir ut av det seinare. Eg prøvde ut å kombinere det med fargeblyant og tusj, med noko vekslande hell må eg seie, men eksperimentering er eksperimentering.
Alle måleria er i A3-storleik.
Ein må jo eksperimentere litt. Dessutan hadde eg behov for å måle litt lette å lyse bilete, i staden for desse massive måleria med sterke fargar som eg elles driv på med. Kanskje er det ein vårting. Begge bileta er improviserte, noko dei også ber preg av. Søren og, eg må bli flinkare til å improvisere med maling og eksperimentere meir. Må ikkje låse seg fast, nemleg.
Eg likte desse bileta litt, sjølv om dei vart lite sådär slarviga. Vi hadde ein gjestelærar for litt sidan som sa at eg måtte eksperimentere meir og ikkje vere så resultatsmedviten. At det var viktig å gjere feil og lære av dei. Sånn er det med alt.
Eg vil male meir slike lyse bilete no.


Slik ser altså atelieret mitt ut, eller kunstnarreiret mitt som du kan kalle det dersom du har problem med franske låneord (eigentleg har eg det, men akkurat atelier klarar eg, uttalast atelié). Eg er heldig som har eit kunstnarreir, eitt der eg kan søle så mykje eg berre vil (noko eg også gjer), og ein stad der eg slepp å rigge opp og rigge ned kvar gong eg skal måle, ein stad der eg kan høyre på så høg musikk eg berre vil uansett kva tid det er på døgeret, ein stad der eg kan gjere noko av det eg likar best, ein stad der eg kan vere aleine. Det kan vel eigentleg ikkje verte betre (i alle fall ikkje så lenge pusekattane på garden ikkje bæsjar på golvet der inne, det har skjedd). Atelieret mitt er heldigvis ikkje i våningshuset, så då vert eg ikkje forstyrra anna enn når det er mat på gong. Det er i “buda” som står like ved, ei bud som fungerar for oppbevaring av mellom anna akebrett, syltetøy og gamle, fine ting.

Slit ser buda ut på ein god dag

Der var vi så godt som ferdige med 2008, ja. Så kan ein jo spørje seg sjølv korleis året mitt har vore på kunstfronten? Jotakk, berre bra. 2008 var året der eg hadde mi første salsutstilling og byrja å selje bilete i ganske stor skala. Det er litt merkelig, men veldig kjekt.

I sommar byrja det å kome ein del fjell og fjordar inn i bileta mine, noko som antakeleg kjem av at eg jobba ein månad på Øye i Norangsfjorden og fekk mykje vill, norsk natur rett opp i fanget på meg. Eg byrja også å bruke fargekombinasjonen raud-blå-gul ganske mykje.

Det har i andre halvdel av året blitt meir liggande format, og det skjer meir i bileta mine. Ofte speler eg på forholdet mellom ulike individ, i staden for å ha berre ein person på kvart bilete.