Eg likar å måle revar. Og så likar eg å måle ting frå mi eiga samtid. Ting ein ikkje hadde for ti år sidan, slik som iPodar. Så når eg ein dag er død, og nokon ser bileta mine og slikt, så kan dei skjøne at eg levde på starten av det 21. århundre (eg har også planar om å leve til eit stykke inn i andre halvdel av dette århundret). Tittelen kom etter at eg målte biletet. Den er eg svært nøgd med.

Skandinavisk lidenskap

Detalj

Finanskrise
Dersom du lurte på kven som hadde pengane til Island, så er det meg. Eg hadde ein del islansk valuta til overs etter min sommarferie tur dit. Det bestemde eg meg for å lage kunst av. Dermed tok eg og skar ein 500-lapp i remser. Kanskje synest folk at det er ubehageleg å sjå ein så tilsynelatande verdifull penge bli øydelagt? I såfall kan eg informere om at den er verdt berre 25 norske kr.

Den store, norske oljegudinna
Eg likte tanken på ei slags fruktbarheitsgudinne som skulle velsigne Noreg med olje, ei gudinne som sørga for å gjere Noreg svinerikt og lose oss trygt gjennom finanskrisa. Eg synest at olje er ein fascinerande ting, eg, at vi tilfeldigvis har det hertillands og kan pumpe den opp og tjene pengar på den. Eg er sjølvsagt klar over at oljen ikkje kjem frå ei munnviken til ei lubben kvinne som står midtfjords med ein oljeplattform på hovudet, men det er no eingong slik ein framstillar naturgudar (trur eg).
Secret bonustrack: Urke kraftverk

Urke kraftverk. Er det ikkje tøft at glaset er så blankt at ein ser meg spegle seg i glaset?
I høve opninga av Urke kraftverk vart eg beden om å måle ei opningsgåve til dei, kjekt, kjekt. Eg målte urke kraftverk, med Hjørundfjord-inspirerte fjell, og og også her ei personifisering av naturkreftene, som skjenkar vatn til menneska slik at dei kan utnytte den til vasskraft (som er ei gjennvinnbar energikjelde, hurra, derfor ser ho kanskje litt sunnare og friskare ut enn oljegudinna). Eg er sjølvsagt klar over at dette med personifisering av naturkrefter og naturfenomen ikkje er ein ny ting, heller ikkje framstilling av dei i biletkunst. Til dømes i norrøn mytologi finn vi slikt, og eg må seie at slikt verkeleg fascinerar meg, difor lagar eg mine eigne, nye versjonar der moderne teknologi vert fletta inn.