Glasurgenerasjonen, fødde midt oppe i eit oljeeventyr med sølvskei i munnen og olje tytande fram over alt. Slikt ein byrjer å reflektere over når ein flyttar til Stavanger.
Og sidan petroliumsmuseet ligg rett bort i gata her, fekk eg jammen ta meg ein tur for å gjere litt research.
Dette er eitt av dei største måleria eg har laga nokon gong, det er 165×115 cm. Eg har snikra ramma sjølv, og spent lerret sjølv, og mala biletet heilt sjølv. Det kjennest fint. Etter vel 35 arbeidstimar (snakkar her som sjølve malinga) sa eg meg nøgd. Eg har gjeve biletet arbeidstittelen “Vidde”, eg har tenkt å prøve å finne ein litt meir gjennomtenkt tittel etter kvart. Legg ved nokre nærbilete, det store vart litt uklart.
Det er blitt haust, og eg finn mørke, skandinaviske elektronika-musikkvideoar svært tiltrekkande. Så tiltrekkande at eg let meg inspirere av desse når eg skal lage måleri. Resultatet av dette vert posta snart. I mellomtida kan du sjå desse fascinerande og vakre musikkvideoane om du gidd. Karin Dreijer er med i nesten alt her, men så høyrest jo stemma hennar tross alt ut som ein mørk granskog i november.
Forresten har eg også laga denne spotifylista til mørke haustkveldar.