Eg har teke ein note, “I balladetone” av Edvard Grieg, eit klassisk stykke eg sjølv kan spele på piano. Sjølve notane har blitt fjerna frå partituret, slik at det kun er teksten (på italiensk), som forklarar dynamikken, som er igjen. Eg har fått fire jazzstudentar frå Konservatoriet til å improvisere med utgangspunkt i partituret kvar for seg, dei må altså samstundes improvisere og vere bundne av den strenge forma. Dei fekk ikkje vite kva komponist det var og kva stykke dynamikken kom frå. Etter å ha fjerna noko frå det gamle, blir noko nytt skapt utifrå den gamle formen.
Musikarane er:
Torkjell Hovland – kontrabass
Martin Svendsen Ulvin – trommer/perkusjon
Tarjei Kjerland Lienig – piano
Marthe Lea – saksofon
I tillegg spelte eg inn det klassiske stykket av Grieg sjølv på piano.
“Lento Lugubre” er italiensk og tyder sakte, “lugubert”.
Lydinstallasjonen vert stilt ut på Tou Camp i Stavanger, og vert hengande der frå 26. mai til 26 juni 2011. Heile klassa mi stiller ut der, saman med mange andre kunstnarar m.a.
Tou Camp er ein multikunst-festival i Stavanger som varar frå 26 mai til 26. juni. Klassa mi skal ha ei utstilling i den gamle kantina på det nedlagde bryggeriet Tou under heile festivalen. Den opnar altså fredag 26. mai kl 20 på ein heftig opningsfest med fleire andre kunstutstillingar, konsertar osv.
Programmet for Tou Camp på pdf.

Klassa mi har sett i gang med utsmykkingsoppdraget vi fekk, fire studentboligar (eg bur i blokk A tilfeldigvis) skal malast. Det er verkeleg merkeleg å klatre rundt på sin eigen vegg. Veldig kjekt er det i alle fall. Endåtil NRK Rogaland har laga eit innslag om oss på distriktsnyhenda, du kan sjå klippet ved å klikke her, spol fram til ca 12:00. Bileta er også henta frå NRK Rogaland sine sider.

Eg og nokre i klassa mi på stillas.

Svanhild, det var hennar idé med strikkemønster på veggen.

Gamle fru Greger
Gamle fru Greger, dette kunstnarkollektiv-prosjektet eg og nokre Trøndertun-folk driv med, har nyleg laga ferdig ein 20 minutt lang miksteip som vart sendt på Oslo sin studentradio, Radio Nova førre onsdag på programmet “Neu”! Miksteipen heiter “Eller ukjent farvatn” og kan karakteriserast som noko ein stad i brytinga mellom musikk og lydkunst (ikkje at det nødvendigvis er to ytterpunkt). Miksteipen kan skildrast som ein roadtrip i Gamle fru Greger sitt hovud.
Før den vert lagt ut på vår splitter nye soundcloudside , legg vi ut nokre teaserar, nemleg “Not My Style” og “Bestemor”. Enjoi!

På campus Ullandhaug står fire store og veldig grå studentblokker som har stått der i om lag eitt år. Naboane til desse studentboligane syntest dei var litt vel stygge. Enkelte politikarar sytenst også at dei heller ikkje var ei pryd for auget. Eg har no budd i eitt år i den største og gråaste av desse her, og no har plutseleg klassa mi fått i oppdrag å male noko fint på veggen. Etter ei konkurranse er vinnarane kåra, og vi skal ta til og male i mai. Det blir stor stas!
Eg har laga plakat til eit jazzensemble frå Konservatoriet i Stavanger. Det oppdraget fekk eg fordi eg kjenner Torkjell, som går der og speler i Rain Check, som dei heiter. Dei skal på turné. Før eg teikna teikninga fekk eg ei ekstremt detaljert oppskrift, noko som er veldig greitt, så slepp ein å tenkje sjølv. Eg synest det funka godt, og vart svært nøgd med teikninga. I oppskrifta var mellom anna “sympatiske bokstavar”, “regn som ikkje når ned til menneska” og ein den-lille-prinsen-ås”. Her er facebookhendinga for ein konsert dei skal gje i Trondheim 27. oktober!
Vår vesle live-debut i høve avgangsutstillinga til kunstklassa. Crazy Norwegian teenagers, seier eg berre. STAMPA TAKTEN, som Gard seier. Bileta i bakgrunnen er laga av Anne Marthe Strand.
Då var eg ferdig med Trøndertun, i staden for å fortelje mykje om kor givande det har vore, og kor mykje eg har utvikla meg som kunstnar, samt utvida mitt reportoar og min horisont, vel eg å la bileta tale for seg sjølv:
(trykk på for større bilete)