Eg likar å måle revar. Og så likar eg å måle ting frå mi eiga samtid. Ting ein ikkje hadde for ti år sidan, slik som iPodar. Så når eg ein dag er død, og nokon ser bileta mine og slikt, så kan dei skjøne at eg levde på starten av det 21. århundre (eg har også planar om å leve til eit stykke inn i andre halvdel av dette århundret). Tittelen kom etter at eg målte biletet. Den er eg svært nøgd med.
Eg bestemde meg for å lage ein ny versjon av dette biletet eg måla i 2008, “Ny fjord”, nokre nye ting er komne til, som til dømes sladda barne-englar og helikopter. Reven ser daudare ut, og ein kan lese meir ut av anletet til jorda, som stig opp fordi ho har bestemt seg for at nok får vere nok, no byrjer vi på nytt. Syndeflod og hendelse, det står “dies irae” på det eine helikopteret, vredens dag.
Dette er også det største måleriet eg har laga nokon gong. 90×120 cm.

Litt sånn som på plasticfantastic der dei teiknar med tusj på huda til desse folka som meiner dei er for stygge for å vise kvar dei skal skjære og fjerne ting. Difor er det litt vittig å klippe i munnviken, for det gjev ein neppe ein særleg fordelaktig utsjånad, men ein kan kanskje gape over ganske store ting. Dersom ein får lyst til å bite over ein melon til dømes. Og jammen dukka det ikkje opp ein rev også!

Augensminke litt lånt frå Björk og Maria Hagerupsen. Berre sjå


Eg laga ein ny rognebærrev. Den under er frå sommaren 2007, det over er det nye (desember 2008). Tanken bak rognebærreven er ein slags versjon av Æsop sin fabel om reven som ikkje får tak i rognebæra og seier “høgt heng dei og sure er dei” . På bileta mine har reven komt seg opp i rogna, og får så mange rognebær han berre vil. Eg trur rognebærreven saknar å vere nede på bakken. Kanskje spesielt når det er høner der.

Eg har byrja å måle meir i liggjande format, og det skjer kanskje litt meir i bileta mine enn det gjorde før. Meir og sjå på med andre ord. Eg trur eg likar det. Eg er spent på å sjå kva meir eg finn på. På dette biletet er det ei dame som lagar ein fjord og ein negerengel som bles såpebobler. Og mykje anna.