HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: Paint

Trøndertun

Då var eg ferdig med Trøndertun, i staden for å fortelje mykje om kor givande det har vore, og kor mykje eg har utvikla meg som kunstnar, samt utvida mitt reportoar og min horisont, vel eg å la bileta tale for seg sjølv:

(trykk på for større bilete)

Gamle Erik

Gamle fru Greger har laga ein ganske dyster song/lydkunst-sak (som heiter “Gamle Erik”) saman med Eiliv A M Ribe (han speler fele). Eg og Finn laga ein animasjon i paint som passa til. Veldig kjekt å kombinere lyd og bilete på den måten, det er eg gira på å gjere meir. Kort sagt kan ein seie at filmen handlar om Gamle fru Greger sin død og reise til Helvete.

Eg har teikna litt meir i paint

Gjenoppdaging av paint.

Paint, Henrik Koppen 2009

I dag har eg teikna litt i paint. Det har eg ikkje gjort på fleire år, trur eg, i min barndom var paint eitt av få aktivitetar vi kunne benytte oss av på vår gamle, stasjonære datamaskin (Internett var for oss noko fjernt), og dermed teikna vi kjempemykje i paint, og vart vel ganske flinke i dette, det er ein del triks vi fann fram til av oss sjølve, og då går alt så mykje fortare.

Eg vurderar å skrive ut desse fjesa eg teikna i dag og bruke dei i eit måleri eller ein collage.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.