Å, den som kunne spelt i ein fagottduo.

9 06 2009
Draumen om ein fagottduo

Draumen om ein fagottduo

Eg klarer ikkje å la vere å måle litt fleire trekkspel. Denne gongen har trekkspelaren fått med seg ein fagottist, tenkte at fagott er eit bra instrument å ha på eit såpass avlangt lerret (dessuten ser det jo himla tøft ut). Eg trur han som speler trekkspel er ganske betatt av fagottisten, som på si side er litt meir kjølig.

Versjon for dei som synest at scrolling er tøft (eller har svært stor dataskjerm)

Versjon for dei som synest at scrolling er tøft (eller har svært stor dataskjerm)





Trekkspel

25 05 2009

Trekkspel 3. Henrik Koppen 2009

Eg kjøpte meg eit lerret på 50×100 cm, og det er jo eit litt anna format enn eg tidlegare har brukt. Her held eg fram med å hylle trekkspelet som musikkinstrument, her ved ei ganske snerta kvinne. Dersom du likar detaljar og slikt kan du legge merke til at ho står i ein fjord med ei ferje på.

Detalj

Detalj

CIMG4044

Eg tok med ein liten versjon av biletet, dersom du ikkje fekk plass til heile på skjermen din.





Nye sider ved trekkspel.

2 05 2009

Eg har tidlegare målt eit trekkspelbilete som framstiller trekkspel på ein svært unyansert måte. Det måtte eg nesten gjere noko med (for faktum er jo at trekkspel er tøft, i alle fall om ein gjer det riktig, og speler riktig musikk), og då målte eg dette. Det er ein hattifnatt som er i hjørnet dersom du lurte.

cimg3855





Trekkspeltortur

11 01 2009

cimg1751

Eit merkeleg innfall, dette. Men det fortel jo litt om verda rundt oss. Som til dømes at trekkspel skal ikkje kome i dei gale hender. Det visste du kanskje frå før. Eg kunne sikkert spart meg å måle dette biletet. Idéen var det med haka til trekkspelaren som passar akkurat inn i trekkspelet, og tennene som ser ut som trekkspelet. Så vart resten til av seg sjølv. Tittelen til dømes, ramla ned i hovudet mitt, ikkje ofte det vert engelske titlar med meg, men eg fann ut at det vart best på engelsk.