Dette er eitt av dei største måleria eg har laga nokon gong, det er 165×115 cm. Eg har snikra ramma sjølv, og spent lerret sjølv, og mala biletet heilt sjølv. Det kjennest fint. Etter vel 35 arbeidstimar (snakkar her som sjølve malinga) sa eg meg nøgd. Eg har gjeve biletet arbeidstittelen “Vidde”, eg har tenkt å prøve å finne ein litt meir gjennomtenkt tittel etter kvart. Legg ved nokre nærbilete, det store vart litt uklart.
Det er blitt haust, og eg finn mørke, skandinaviske elektronika-musikkvideoar svært tiltrekkande. Så tiltrekkande at eg let meg inspirere av desse når eg skal lage måleri. Resultatet av dette vert posta snart. I mellomtida kan du sjå desse fascinerande og vakre musikkvideoane om du gidd. Karin Dreijer er med i nesten alt her, men så høyrest jo stemma hennar tross alt ut som ein mørk granskog i november.
Forresten har eg også laga denne spotifylista til mørke haustkveldar.
Eg har laga plakat til eit jazzensemble frå Konservatoriet i Stavanger. Det oppdraget fekk eg fordi eg kjenner Torkjell, som går der og speler i Rain Check, som dei heiter. Dei skal på turné. Før eg teikna teikninga fekk eg ei ekstremt detaljert oppskrift, noko som er veldig greitt, så slepp ein å tenkje sjølv. Eg synest det funka godt, og vart svært nøgd med teikninga. I oppskrifta var mellom anna “sympatiske bokstavar”, “regn som ikkje når ned til menneska” og ein den-lille-prinsen-ås”. Her er facebookhendinga for ein konsert dei skal gje i Trondheim 27. oktober!
Eg har gløymt å fortelje at eg fekk måle Backdropen til Trøndertun Rock Festival i vår! Det var stor stas, då fekk det ærefulle oppdraget å få i stand eit slikt bakteppe, eit kunstverk som skulle henge bak på scena. Det er handmalt akryl på lerret, og 2,5mx4m, større enn noko eg nokon gong tidlegare har måla. Det medførte ein del utfordringar men gjekk då bra.
Festivalen vart ein stor suksess, det var hundrevis av Trøndertun-band samt årets Urørtvinnarar, the Pink Robots (som har Trøndertun-bakgrunn) og progrock-bandet 22.

Her er ei mengd bilete som du kan få større ved å trykke på:
Eg har gløymt å fortelje at eg fekk måle Backdropen til Trøndertun Rock Festival i vår! Det var stor stas, då fekk det ærefulle oppdraget å få i stand eit slikt bakteppe, eit kunstverk som skulle henge bak på scena. Det er handmalt akryl på lerret, og 2,5mx4m, større enn noko eg nokon gong tidlegare har måla. Det medførte ein del utfordringar men gjekk då bra.
Festivalen vart ein stor suksess, det var hundrevis av Trøndertun-band samt årets Urørtvinnarar, the Pink Robots (som har Trøndertun-bakgrunn) og progrock-bandet 22.
Vår vesle live-debut i høve avgangsutstillinga til kunstklassa. Crazy Norwegian teenagers, seier eg berre. STAMPA TAKTEN, som Gard seier. Bileta i bakgrunnen er laga av Anne Marthe Strand.