HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: Gamle fru Greger

Smakebitar frå Gamle fru Greger sin nye miksteip!

Gamle fru Greger

 


Gamle fru Greger, dette kunstnarkollektiv-prosjektet eg og nokre Trøndertun-folk driv med, har nyleg laga ferdig ein 20 minutt lang miksteip som vart sendt på Oslo sin studentradio, Radio Nova førre onsdag på programmet “Neu”! Miksteipen heiter “Eller ukjent farvatn” og kan karakteriserast som noko ein stad i brytinga mellom musikk og lydkunst (ikkje at det nødvendigvis er to ytterpunkt). Miksteipen kan skildrast som ein roadtrip i Gamle fru Greger sitt hovud.

Før den vert lagt ut på vår splitter nye soundcloudside , legg vi ut nokre teaserar, nemleg “Not My Style” og “Bestemor”.  Enjoi!

Gamle fru Greger – soundcloud!

Gamle fru Greger – tumblr!

Gamle fru Greger – facebook!

Gamle fru Greger live @ Verkstedhallen

Vår vesle live-debut i høve avgangsutstillinga til kunstklassa. Crazy Norwegian teenagers, seier eg berre. STAMPA TAKTEN, som Gard seier. Bileta i bakgrunnen er laga av Anne Marthe Strand.

Trøndertun

Då var eg ferdig med Trøndertun, i staden for å fortelje mykje om kor givande det har vore, og kor mykje eg har utvikla meg som kunstnar, samt utvida mitt reportoar og min horisont, vel eg å la bileta tale for seg sjølv:

(trykk på for større bilete)

Gamle Erik

Gamle fru Greger har laga ein ganske dyster song/lydkunst-sak (som heiter “Gamle Erik”) saman med Eiliv A M Ribe (han speler fele). Eg og Finn laga ein animasjon i paint som passa til. Veldig kjekt å kombinere lyd og bilete på den måten, det er eg gira på å gjere meir. Kort sagt kan ein seie at filmen handlar om Gamle fru Greger sin død og reise til Helvete.

Replace the Lamp

Replace the Lamp. Gamle fru Greger 2010, bilete Henrik Koppen

Replace the Lamp. Gamle fru Greger 2010

Gamle fru Greger har fått eit oppdrag om å lage ein heftig og urban låt til danselinja på Trøndertun si danseførestilling, Urban Jungle som går på Verkstedhallen på Svartlamoen i Trondheim i  midten av april. Denne songen kan du høyre på myspace. Den laga eg albumkunst til, eg leita fram mine gamle pastellkrit i påska, dei har fått ligge og samle støv sidan påska. Veldig kjekt!

Detalj

Gamle fru Greger

 

Lekkasje

Lekkasje

Lekkasje

Eg er med i eit band! For første gong i livet mitt er eg med i eit band, sånn på ordentleg. Eg er med i eit kunstband som heiter “Gamle fru Greger“, og vi stiller vel i grunnen opp med eit alternativ til alle desse rockebanda som herjar på skulen. Sampling av vaskar, stomp, opplesing av tekst, improvisasjon og velting av stolar og bord, er berre nokre av merkelappane ein kan setje på dette noko eksentriske bandet, DETTE ER NEO DADA BABY!, som Finn seier. Sidan tre av bandets medlem går på kunstlinja kan vi satse sterkt på det visuelle utrykket (noko som har blitt viktig notildags, har eg forstått). http://www.myspace.com/gamlefrugreger – myspace-side har vi også fått oss.

Gamle fru Greger- biletet, laga av Finn

Her er ein tekst eg skreiv til vår nyaste hitsingel, som kjem ut snart. Fyl med på myspace, seier eg berre:

Gamle fru Greger sit i ein raud øyrelappstol i stova og strikkar, autopilot. Gamal stove, gamal dame. Det var ein langdregen prosess å velje tapet til desse veggane, ein gong på femtitalet. Ho landa på ein mørkegrøn, stripete ein. Ein ho aldri hadde likt, men Gamle fru Greger klarte til slutt å forsone seg med den tunge fargen på veggane hennar, ho var ei omgjengeleg peparmøy. No var ikkje dette noko som var i Gamle fru Greger sine tankar i det heile, heile hennar konsentrasjon vart brukt til strikkinga. Ho hadde strikka så lenge at ho ikkje lenger hugsa kva ho strikka, kva ho hadde byrja på. Om ho ikkje hadde vore så oppslukt av strikkinga si hadde ho kanskje lagt merke til vatnet som hadde  byrja å renne nedetter dei mørkegrøne veggane og legge seg som eit vått teppe på golvet. Drypping, små plask og ei stadig  aukande vassmengd. Gjenstandar frå eit levd liv som letta frå golvet og byrja å flyte rundt  i rommet. Gamle fru Greger har ein alvorleg lekkasje i sitt gamle hus. Gamle fru Greger sukkar og reddar ei maske frå å bli mista, men ho ser ikkje kattane hennar som mjauande blir kasta mot veggen av ei større bølge, ho merkar ikkje at stolen ho sit i har byrja å flyte på i vatnet, at den raude øyrelappstolen renn ut døra og ut i verda.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.