HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: Musikk

Jam med juleorkanen “Dagmar”

Eg gjekk opp i buda for å spele litt trødeorgel saman med stormen.

Kjeppharpe II

Kjeppharpe, Henrik Koppen 2011

Kjeppharpe, Henrik Koppen 2011

Pinne, fiske-sen, blåskjell, ulltråd, akrylmaling

Kjepp-harpe

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stor kjepp, akrylmaling, fiskesen, blåskjell, kamskjell, ulltråd.

Madlamark II

Madlamark II by Henrik Koppen

Improvisasjon på kyrkjeorgelet i Madlamark kyrkje 13.10.2011

Lento Lugubre

Lento Lugubre. Herik Koppen 2011 Lydkunst

Lento Lugubre. Herik Koppen 2011 Lydkunst

Lento Lugubre, partitur

Eg har teke ein note, “I balladetone” av Edvard Grieg, eit klassisk stykke eg sjølv kan spele på piano. Sjølve notane har blitt fjerna frå partituret, slik at det kun er teksten (på italiensk), som forklarar dynamikken, som er igjen. Eg har fått fire jazzstudentar frå Konservatoriet til å improvisere med utgangspunkt i partituret kvar for seg, dei må altså samstundes improvisere og vere bundne av den strenge forma. Dei fekk ikkje vite kva komponist det var og kva stykke dynamikken kom frå. Etter å ha fjerna noko frå det gamle, blir noko nytt skapt utifrå den gamle formen. 

Musikarane er:

Torkjell Hovland – kontrabass

Martin Svendsen Ulvin – trommer/perkusjon

Tarjei Kjerland Lienig – piano

Marthe Lea – saksofon

I tillegg spelte eg inn det klassiske stykket av Grieg sjølv på piano.

Innspeling med Torkjell Hovland

Innspeling med Torkjell Hovland

“Lento Lugubre” er italiensk og tyder sakte, “lugubert”.

Lento Lugubre, Henrik Koppen 2011

Lento Lugubre, Henrik Koppen 2011

Lydinstallasjonen vert stilt ut på Tou Camp i Stavanger, og vert hengande der frå 26. mai til 26 juni 2011. Heile klassa mi stiller ut der, saman med mange andre kunstnarar m.a.

Frå utstillinga på Tou Scene

Frå opninga.

Tou Camp

Tou Camp er ein multikunst-festival i Stavanger som varar frå 26 mai til 26. juni. Klassa mi skal ha ei utstilling i den gamle kantina på det nedlagde  bryggeriet Tou under heile festivalen. Den opnar altså fredag 26. mai kl 20 på ein heftig opningsfest med fleire andre kunstutstillingar, konsertar osv.

Programmet for Tou Camp på pdf.

Der kan ein få sjå dette måleriet i levande live

Improvisasjon på orgel i Madlamark kyrkje.

Dette er beint fram musikk.

Madlamark kirke, orgel

Orgelet i Madlamark kyrkje

Smakebitar frå Gamle fru Greger sin nye miksteip!

Gamle fru Greger

 


Gamle fru Greger, dette kunstnarkollektiv-prosjektet eg og nokre Trøndertun-folk driv med, har nyleg laga ferdig ein 20 minutt lang miksteip som vart sendt på Oslo sin studentradio, Radio Nova førre onsdag på programmet “Neu”! Miksteipen heiter “Eller ukjent farvatn” og kan karakteriserast som noko ein stad i brytinga mellom musikk og lydkunst (ikkje at det nødvendigvis er to ytterpunkt). Miksteipen kan skildrast som ein roadtrip i Gamle fru Greger sitt hovud.

Før den vert lagt ut på vår splitter nye soundcloudside , legg vi ut nokre teaserar, nemleg “Not My Style” og “Bestemor”.  Enjoi!

Gamle fru Greger – soundcloud!

Gamle fru Greger – tumblr!

Gamle fru Greger – facebook!

Stoveorgel

Orgelet i trappa heime by Henrik Koppen

Jazzplakat 2

One Small Step for Aksnes, Henrik Koppen 2011

One Small Step for Aksnes

Når det gjeld plakatlaging til jazzstudentar på Konservatoriet i Stavanger er eg no komen til min plakat nr.2. Det er til “One Small Step for Aksnes”, der hovudpersonen altså heiter Aksnes til etternamn og er gitarist. Snart skal det nok bli min tur å utnytte jazzmusikarar i eit kunstprosjet, viktig med gjensidig utnytting, tenkjer eg.

Dersom du av ulike grunnar ikkje synest det er nok å berre sjå på plakaten, men har lyst til å høyre musikken i tillegg, kan du kome på denne hendinga med One Small Step for Aksnes i Grottene i Stavanger 6. april 2011!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.