HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: litt makabre ting

November

I går var den siste novemberdagen. Eg fekk lyst til å måle novemberbilete, det har vore så himla mykje fargar i det siste, skjønnar de. Det gjekk så fort å måle dei at eg mala tre på rappen. Her er dei:

November I

November I

November II

November II

November III

November III

Ikkje sjå rett på sola

Ikkje sjå rett på sola, Henrik Koppen 2009

Ikkje sjå rett på sola, Henrik Koppen 2009

Eg held fram med å måle lettare oppdragande bilete. Du må ikkje sjå rett på sola. Herved er du advart

Vinterferie

Kriminell

Kriminell

Henrik Koppen feb 2009

Heath, men ikkje Ledger

Heath, men ikkje Ledger

Heath, men ikkje Ledger

Jo, det er Heath Ledger, sjølv om det i tittelen kanskje kunne verke som om det ikkje var han. Dette er nemleg eit ordspel og eit sabla morosamt eit også. Det var ikkje mitt ordspel for å seie det sånn. Det var Olav sitt, det var i alle fall han som sa det til meg. Dette er eit bilete av Heath Ledger ved kanten av eit stup og med eit tomt pilleglas i handa.

Samtlige jenter i den vestlege verda har det siste året gått rundt og sørga over hans bråe og mystiske død, dei grin åpenlyst og melder seg inn i facebookgrupper som “RIP, Heath Ledger 1979-2008″ (denne gruppa har i skrivande stund 82068 medlemmer). Det er sjølvsagt leitt at han døydde, men du verden, ordspelet er jo mykje betre no enn før han døydde.

Vennligst klipp langs den striplede linjen

Klippklipp, Henrik Koppen 2008

Litt sånn som på plasticfantastic der dei teiknar med tusj på huda til desse folka som meiner dei er for stygge for å vise kvar dei skal skjære og fjerne ting. Difor er det litt vittig å klippe i munnviken, for det gjev ein neppe ein særleg fordelaktig utsjånad, men ein kan kanskje gape over ganske store ting. Dersom ein får lyst til å bite over ein melon til dømes. Og jammen dukka det ikkje opp ein rev også!

DETALJ

Augensminke litt lånt frå Björk og Maria Hagerupsen. Berre sjå

Maria Hagerupsen bjork

Ei hand mindre

cimg1141

Det vart visst litt makabert dette her. Men, ja, saks er bra. Klippeklippeklippe. “Klipp” er vel eit onomatopoetikon, og kanskje blandt dei finaste eg veit om. Det eg likte med dette biletet her er ansiktsuttrykket hennar, det ser ut som om ho tenkjer: “næmen…..oi……”, ein reaksjon som ikkje stemmer heilt med denne hendinga, altså det faktum at ho klipper av seg si eiga hand. Bornet som sit ved sidan av legg ikkje merke til det ein gong.

cimg1134

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.