Skalle




Hovudskalle (antakeligvis hjort), akrylmaling




Hovudskalle (antakeligvis hjort), akrylmaling
Dette er eitt av dei største måleria eg har laga nokon gong, det er 165×115 cm. Eg har snikra ramma sjølv, og spent lerret sjølv, og mala biletet heilt sjølv. Det kjennest fint. Etter vel 35 arbeidstimar (snakkar her som sjølve malinga) sa eg meg nøgd. Eg har gjeve biletet arbeidstittelen “Vidde”, eg har tenkt å prøve å finne ein litt meir gjennomtenkt tittel etter kvart. Legg ved nokre nærbilete, det store vart litt uklart.
Det er blitt haust, og eg finn mørke, skandinaviske elektronika-musikkvideoar svært tiltrekkande. Så tiltrekkande at eg let meg inspirere av desse når eg skal lage måleri. Resultatet av dette vert posta snart. I mellomtida kan du sjå desse fascinerande og vakre musikkvideoane om du gidd. Karin Dreijer er med i nesten alt her, men så høyrest jo stemma hennar tross alt ut som ein mørk granskog i november.
Forresten har eg også laga denne spotifylista til mørke haustkveldar.
Gamle fru Greger har laga ein ganske dyster song/lydkunst-sak (som heiter “Gamle Erik”) saman med Eiliv A M Ribe (han speler fele). Eg og Finn laga ein animasjon i paint som passa til. Veldig kjekt å kombinere lyd og bilete på den måten, det er eg gira på å gjere meir. Kort sagt kan ein seie at filmen handlar om Gamle fru Greger sin død og reise til Helvete.
Eg bestemde meg for å lage ein ny versjon av dette biletet eg måla i 2008, “Ny fjord”, nokre nye ting er komne til, som til dømes sladda barne-englar og helikopter. Reven ser daudare ut, og ein kan lese meir ut av anletet til jorda, som stig opp fordi ho har bestemt seg for at nok får vere nok, no byrjer vi på nytt. Syndeflod og hendelse, det står “dies irae” på det eine helikopteret, vredens dag.
Dette er også det største måleriet eg har laga nokon gong. 90×120 cm.
Her er forresten filmen eg laga i høve familiedagen på Trøndertun. Her tonesett av Múm med songen “Hú Hviss – A ship”, litt fordi eg ikkje fekk til å legge til lyden til Nina på lyd, litt fordi songen var nøyaktig like lang som den 1:29 sekund lange filmen.
Eg har forresten fått meg youtube-profil.