Vinterferie

Kriminell

I fritimen i dag sat vi i kantina og teikna med mine teikneblyantar. Det vart ganske fint. Difor deler eg desse teikningane med heile verda.

Dette noko abstrakte verket laga eg og Torgeir. Vi fann vel ut at det var ein åme sin lange veg til å bli ein fisk, eller vegen inn i festsalen, ikkje så lett no når det er oppussing på gong, og ganske kaotiske tilstandar på skulen.

Ei bokklubbmarihøne teikna av Synnøve og eit slags vaffelhjarte teikna av Torgeir. Lite visste vi då at vi minutt seinare skulle ete opp vafla til Maria.

Ingvild laga eit skattekart til meg. Det skal eg jammen meg teste ut. Det ser ut til at det ligg ein skatt på taket mitt.

Heath, men ikkje Ledger
Jo, det er Heath Ledger, sjølv om det i tittelen kanskje kunne verke som om det ikkje var han. Dette er nemleg eit ordspel og eit sabla morosamt eit også. Det var ikkje mitt ordspel for å seie det sånn. Det var Olav sitt, det var i alle fall han som sa det til meg. Dette er eit bilete av Heath Ledger ved kanten av eit stup og med eit tomt pilleglas i handa.
Samtlige jenter i den vestlege verda har det siste året gått rundt og sørga over hans bråe og mystiske død, dei grin åpenlyst og melder seg inn i facebookgrupper som “RIP, Heath Ledger 1979-2008″ (denne gruppa har i skrivande stund 82068 medlemmer). Det er sjølvsagt leitt at han døydde, men du verden, ordspelet er jo mykje betre no enn før han døydde.


Eg laga ein ny rognebærrev. Den under er frå sommaren 2007, det over er det nye (desember 2008). Tanken bak rognebærreven er ein slags versjon av Æsop sin fabel om reven som ikkje får tak i rognebæra og seier “høgt heng dei og sure er dei” . På bileta mine har reven komt seg opp i rogna, og får så mange rognebær han berre vil. Eg trur rognebærreven saknar å vere nede på bakken. Kanskje spesielt når det er høner der.

Eg har byrja å måle meir i liggjande format, og det skjer kanskje litt meir i bileta mine enn det gjorde før. Meir og sjå på med andre ord. Eg trur eg likar det. Eg er spent på å sjå kva meir eg finn på. På dette biletet er det ei dame som lagar ein fjord og ein negerengel som bles såpebobler. Og mykje anna.
Då eg var liten gutunge likte eg godt og teikne hus og fjell og slikt. Og dyr. Slik born gjerne gjer. Det siste året (ca) har eg stort sett måla portrett. I sommar har eg henta opp att dette med å måle hus og fjell og slikt, og hittil har det blitt to kjekke landskapsbilete. Grunnen til at dette plutseleg vart sett på dagsordenen igjen var at eg jobba i Norangsdalen på hotell, og der er det vill norsk natur over ein lav sko. Eg må ha tenkt noko slikt: det er for gale å bu på Sunnmøre og ikkje la seg inspirere av naturen her. Difor har begge mine splitter nye landskapsmåleri motiv frå Norangdalen/fjorden.

Henrik Koppen 2008StenesetFrå Norangsdalen
