Far min kallar det vesle fyrverkeriet ein har på nyttårsaftan for småpjask. Du veit, slike små futt og hylarar og sånne som dei brukar på den store klassefesten når nokon vinn. Desse bileta her har eg måla på under eitt døgn, og dei er 25×30 cm, altså ikkje veldig store. Det er så kjekt å måle små bilete av og til, eg har måla mange store i haust, og dei tek så himla lang tid å lage. Ein føler at ein får gjort mykje når ein kan produsere eitt bilete i timen.

Opptur

Nedtur
Eit sjølvportrett av måling/collage. Eg har spelt alle notane i bakgrunnen.

Begge

Skandinavisk lidenskap

Detalj

Norangsfjorden
Det siste biletet eg måla då eg var heime. Passa bra å måle eit slikt Sunnmørsbilete no før eg flytta til Trøndelag. Men dersom ein kuttar vekk alt på biletet bortsett frå Urke så er det ganske likt. Dette har eg måla etter fotografi. Eg gjekk opp på ein liten haug ved Leknes. Ganske ok utsikt, må eg ha tenkt, og så tok eg bilete, og så måla eg det. Grei ordning.

Slik ser det ut når eg flyttar ut det viktigaste av målarutstyret mitt. Det passa perfekt til ei slik appelsinkasse. No er eg på Trøndertun fhs og skal måle og måle eit heilt år.
Det blir bra når eg kjem heim og kan seie “no ser eg atter slike fjell og dalar” og meine det. Men det er litt tidleg å planlegge kva eg skal gjere når eg kjem heim. No må eg først bli kjend med alle desse menneska og gjere kreative ting. Eg har helst på ca alle, og gløymt namnet på samtlige.

Biletet eg såg etter
Det var eit skikkeleg pirk å måle dette biletet, mykje på grunn av Urke. Alltid Urke.

Den store, norske oljegudinna
Eg likte tanken på ei slags fruktbarheitsgudinne som skulle velsigne Noreg med olje, ei gudinne som sørga for å gjere Noreg svinerikt og lose oss trygt gjennom finanskrisa. Eg synest at olje er ein fascinerande ting, eg, at vi tilfeldigvis har det hertillands og kan pumpe den opp og tjene pengar på den. Eg er sjølvsagt klar over at oljen ikkje kjem frå ei munnviken til ei lubben kvinne som står midtfjords med ein oljeplattform på hovudet, men det er no eingong slik ein framstillar naturgudar (trur eg).
Secret bonustrack: Urke kraftverk

Urke kraftverk. Er det ikkje tøft at glaset er så blankt at ein ser meg spegle seg i glaset?
I høve opninga av Urke kraftverk vart eg beden om å måle ei opningsgåve til dei, kjekt, kjekt. Eg målte urke kraftverk, med Hjørundfjord-inspirerte fjell, og og også her ei personifisering av naturkreftene, som skjenkar vatn til menneska slik at dei kan utnytte den til vasskraft (som er ei gjennvinnbar energikjelde, hurra, derfor ser ho kanskje litt sunnare og friskare ut enn oljegudinna). Eg er sjølvsagt klar over at dette med personifisering av naturkrefter og naturfenomen ikkje er ein ny ting, heller ikkje framstilling av dei i biletkunst. Til dømes i norrøn mytologi finn vi slikt, og eg må seie at slikt verkeleg fascinerar meg, difor lagar eg mine eigne, nye versjonar der moderne teknologi vert fletta inn.

Eg kjøpte meg eit lerret på 50×100 cm, og det er jo eit litt anna format enn eg tidlegare har brukt. Her held eg fram med å hylle trekkspelet som musikkinstrument, her ved ei ganske snerta kvinne. Dersom du likar detaljar og slikt kan du legge merke til at ho står i ein fjord med ei ferje på.

Detalj

Eg tok med ein liten versjon av biletet, dersom du ikkje fekk plass til heile på skjermen din.

Ikkje sjå rett på sola, Henrik Koppen 2009
Eg held fram med å måle lettare oppdragande bilete. Du må ikkje sjå rett på sola. Herved er du advart

Veit ikkje heilt kvifor, men ting som er typiske for Sunnmøre har byrja å kome fram i bileta mine. Skulle kanskje trudd at det var først når ein flytta heimefrå at ein byrja med slikt. Når ein flyttar på folkehøgskule i Trøndelag til dømes. Landskapet her er jo ganske særnorsk, dessutan trur eg guten står på dekket på ei ferje. Han skulle hatt seg ei svele, guten.
Eg brukte tre fargar på dette biletet, dei ulike blåfargane er alle frå same målingsflaske, blanda med litt svart og litt kvitt. I tillegg kjem eit svakt streif av gult i den kalde sola. Eg synest guten ser ganske sympatisk ut.

Eg lengtar litt etter sommar, det må eg innrømme. Særleg sommarnetter, slike ein ikkje skal sove bort. Difor har eg måla ei. Eg held også fram med å øve meg på å måle fjordar og fjell og slikt. Dersom du lurar på kvifor fjorden er så himla skeiv, er det fordi eg må ta biletet litt på skrå slik at denne hersens blitzen skin i målinga.

Detalj
Eg fann på ein ny måte eg kunne måle sol på, som eg må seie at eg er svært nøgd med. Den fann eg på medan eg sat og drodla på musikalnotane mine i ei eller anna pause. Den kjem eg til å bruke mykje vidare trur eg. Er vel litt glasmåleriinspirert. Og liknar kanskje på eit skothol i ei rute. Tøft? Eller spindelvev. I det heile tatt, du verden for ei sol!

Detalj, hegre
Og her er hegra. Det vart ok den, men eg trur jammen eg skal øve meg på hegre. Hegrer er jo skikkeleg stilige. Dei er slanke og grasiøse og står heilt urørlege i fjøra og stirer i vatnet heilt åleine. Eg trur hegre er yndlingsfuglen min.