HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: Landskap

Lento Lugubre

Lento Lugubre. Herik Koppen 2011 Lydkunst

Lento Lugubre. Herik Koppen 2011 Lydkunst

Lento Lugubre, partitur

Eg har teke ein note, “I balladetone” av Edvard Grieg, eit klassisk stykke eg sjølv kan spele på piano. Sjølve notane har blitt fjerna frå partituret, slik at det kun er teksten (på italiensk), som forklarar dynamikken, som er igjen. Eg har fått fire jazzstudentar frå Konservatoriet til å improvisere med utgangspunkt i partituret kvar for seg, dei må altså samstundes improvisere og vere bundne av den strenge forma. Dei fekk ikkje vite kva komponist det var og kva stykke dynamikken kom frå. Etter å ha fjerna noko frå det gamle, blir noko nytt skapt utifrå den gamle formen. 

Musikarane er:

Torkjell Hovland – kontrabass

Martin Svendsen Ulvin – trommer/perkusjon

Tarjei Kjerland Lienig – piano

Marthe Lea – saksofon

I tillegg spelte eg inn det klassiske stykket av Grieg sjølv på piano.

Innspeling med Torkjell Hovland

Innspeling med Torkjell Hovland

“Lento Lugubre” er italiensk og tyder sakte, “lugubert”.

Lento Lugubre, Henrik Koppen 2011

Lento Lugubre, Henrik Koppen 2011

Lydinstallasjonen vert stilt ut på Tou Camp i Stavanger, og vert hengande der frå 26. mai til 26 juni 2011. Heile klassa mi stiller ut der, saman med mange andre kunstnarar m.a.

Frå utstillinga på Tou Scene

Frå opninga.

Naseblødar

Naseblødar, Henrik Koppen april 2011

Akryl på lerret, 80×100 cm. April 2011

DETALJ

DETALJ

Dette måleriet er eitt av arbeida eg stiller ut under Tou Camp i Stavanger i juni/juli.

Den store, norske oljegudinna II

Den store, norske Oljegudinna II - Henrik Koppen 2010

Den store, norske Oljegudinna II

Så er ho tilbake, den nye fruktbarheitsgudinna, versjon 2, meir glossy enn nokon gong (versjon 1 er det styggaste maleriet eg har laga nokon gong i følge mi mor)

Vidde

Vidde, Henrik Koppen 2010

Vidde (arbeidstittel)

Dette er eitt av dei største måleria eg har laga nokon gong, det er 165×115 cm. Eg har snikra ramma sjølv, og spent lerret sjølv, og mala biletet heilt sjølv. Det kjennest fint. Etter vel 35 arbeidstimar (snakkar her som sjølve malinga) sa eg meg nøgd. Eg har gjeve biletet arbeidstittelen “Vidde”, eg har tenkt å prøve å finne ein litt meir gjennomtenkt tittel etter kvart. Legg ved nokre nærbilete, det store vart litt uklart.

Detalj

Detalj

Detalj 2

Detalj 2

Detalj 3

Detalj 3

September

September 1. Henrik Koppen 2010

September I

September II Henrik Koppen 2010

September II

Medan somme kjøper kunst på Ikea, kjøper andre rammer på Ikea og lagar kunsten sjølv. Det var veldig kjekt å måle noko i såpass liten skala, det er lenge sidan eg gjorde det sist. Meir.

Vindaugskarmen min

Trøytt dame som ventar på ferja

Trøytt dame som ventar på ferja, Henrik Koppen 2010

Trøytt dame som ventar på ferja, Henrik Koppen 2010

Juni

Juni

Juni

Kraftverk

Kraftverk, Henrik Koppen 2010

(Klikk gjerne på biletet på ein meir oversikteleg versjon)

Kraftverk detalj, Nøkken

detalj, Nykkjen

Vintergudinne

Vintergudinne, Henrik Koppen 2010

Vintergudinne, Henrik Koppen 2010

Ny fjord II

ny fjord II, Henrik Koppen 2010

Ny fjord II, Henrik Koppen 2010

Eg bestemde meg for å lage ein ny versjon av dette biletet eg måla i 2008, “Ny fjord”, nokre nye ting er komne til, som til dømes sladda barne-englar og helikopter. Reven ser daudare ut, og ein kan lese meir ut av anletet til jorda, som stig opp fordi ho har bestemt seg for at nok får vere nok, no byrjer vi på nytt. Syndeflod og hendelse, det står “dies irae” på det eine helikopteret, vredens dag.

Dette er også det største måleriet eg har laga nokon gong. 90×120 cm.

Detalj, røv og engel

Detalj, helikopter

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.