HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: Kunstskolen i Rogaland

Biletsamandrag av første klasse (på Kunstskolen i Rogaland)

trykk på bileta for større versjon

Lento Lugubre

Lento Lugubre. Herik Koppen 2011 Lydkunst

Lento Lugubre. Herik Koppen 2011 Lydkunst

Lento Lugubre, partitur

Eg har teke ein note, “I balladetone” av Edvard Grieg, eit klassisk stykke eg sjølv kan spele på piano. Sjølve notane har blitt fjerna frå partituret, slik at det kun er teksten (på italiensk), som forklarar dynamikken, som er igjen. Eg har fått fire jazzstudentar frå Konservatoriet til å improvisere med utgangspunkt i partituret kvar for seg, dei må altså samstundes improvisere og vere bundne av den strenge forma. Dei fekk ikkje vite kva komponist det var og kva stykke dynamikken kom frå. Etter å ha fjerna noko frå det gamle, blir noko nytt skapt utifrå den gamle formen. 

Musikarane er:

Torkjell Hovland – kontrabass

Martin Svendsen Ulvin – trommer/perkusjon

Tarjei Kjerland Lienig – piano

Marthe Lea – saksofon

I tillegg spelte eg inn det klassiske stykket av Grieg sjølv på piano.

Innspeling med Torkjell Hovland

Innspeling med Torkjell Hovland

“Lento Lugubre” er italiensk og tyder sakte, “lugubert”.

Lento Lugubre, Henrik Koppen 2011

Lento Lugubre, Henrik Koppen 2011

Lydinstallasjonen vert stilt ut på Tou Camp i Stavanger, og vert hengande der frå 26. mai til 26 juni 2011. Heile klassa mi stiller ut der, saman med mange andre kunstnarar m.a.

Frå utstillinga på Tou Scene

Frå opninga.

Opning av Tou Camp

26. mai 2011. Trykk på bileta for større versjon.

Tou Camp

Tou Camp er ein multikunst-festival i Stavanger som varar frå 26 mai til 26. juni. Klassa mi skal ha ei utstilling i den gamle kantina på det nedlagde  bryggeriet Tou under heile festivalen. Den opnar altså fredag 26. mai kl 20 på ein heftig opningsfest med fleire andre kunstutstillingar, konsertar osv.

Programmet for Tou Camp på pdf.

Der kan ein få sjå dette måleriet i levande live

Utsmykking Ullandhaug

Klassa mi har sett i gang med utsmykkingsoppdraget vi fekk, fire studentboligar (eg bur i blokk A tilfeldigvis) skal malast. Det er verkeleg merkeleg å klatre rundt på sin eigen vegg. Veldig kjekt er det i alle fall. Endåtil NRK Rogaland har laga eit innslag om oss på distriktsnyhenda, du kan sjå klippet ved å klikke her, spol fram til ca 12:00. Bileta er også henta frå NRK Rogaland sine sider.

Eg og nokre i klassa mi på stillas.

Svanhild, det var hennar idé med strikkemønster på veggen.

-ZkVSUvSjk3TJjar7x3GPAB6jNUtao69HrwnL8H21E_Q.jpg

Naseblødar

Naseblødar, Henrik Koppen april 2011

Akryl på lerret, 80×100 cm. April 2011

DETALJ

DETALJ

Dette måleriet er eitt av arbeida eg stiller ut under Tou Camp i Stavanger i juni/juli.

Modellbyggingskurs

Eg har forresten hatt eit modellbyggingskurs på skulen. Oppgåva var å lage eit galleri. Eg skalerte ned mine måleri og stilte dei ut! Veldig kjekt!

Performance-prosjekt

(10 min)

Vi har hatt eit kurs i performancekunst, og i det høve måtte vi ha kvar vår performance. Legg merke til at eg til og med interaktiv med andre menneske! Pluss i boka for det.

Utstmykking Ullandhaug

På campus Ullandhaug står fire store og veldig grå studentblokker som har stått der i om lag eitt år. Naboane til desse studentboligane syntest dei var litt vel stygge. Enkelte politikarar sytenst også at dei heller ikkje var ei pryd for auget. Eg har no budd i eitt år i den største og gråaste av desse her, og no har plutseleg klassa mi fått i oppdrag å male noko fint på veggen. Etter ei konkurranse er vinnarane kåra, og vi skal ta til og male i mai. Det blir stor stas!

Samarbeidsprosjekt med sjuåring.

Det passar godt å vere barnevakt og kunststudent samtidig.

Henrik og Åsmund

Dette måleriet mala eg og Åsmund saman samtidig.

Åsmund

 

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.