Trøndertun

21 05 2010

Då var eg ferdig med Trøndertun, i staden for å fortelje mykje om kor givande det har vore, og kor mykje eg har utvikla meg som kunstnar, samt utvida mitt reportoar og min horisont, vel eg å la bileta tale for seg sjølv:

(trykk på for større bilete)





Eit lerret på besøk

26 11 2009

Dette er Maria etter at eg fekk male litt på henne

Denne veka har vi hatt besøk av Maria Hagerupsen, ho kjenner mange her på Trøndertun, nemleg. Eg har mala litt på henne like så godt. Slikt kan fort skje. Og så har eg hjelpt henne med å lage ferdig nokre kjolar. Vi har mellom anna limt på eit puslespel på ein grøn kjole, og malt på rødhette-eventyret på ein annan. Eg målte også snop på Aurora. Det er Andreas Hopen som har teke dei fleste bileta.

prosess

Eg maler ein regnboge på maria

Eg malte også snop på aurora

Modell - Maria Hagerupsen, foto - Andreas Hopen, kroppsmåling - Henrik Koppen

Maria på ein ball

Maria og Aurora

Maria heng i matsalen





Brænne

2 11 2009

Feiring av Brænnebrus, Henrik Koppen nov 2009

No som Brænne-fabrikken skal leggast ned har eg nytta høvet til å måle eit par bilete som tek utgangspunkt i flasker med Brænne-brus. Alle går rundt og er leie seg på grunn av nedlegginga, eg også, difor laga eg desse som ei slags siste helsing. Det eine er meint som heider til denne lokalbrusa, det andre skal illustrere korleis alle er desperate etter å få tak i dei siste eplerosene.

Dessutan er det jo kulturminneår i år.

Den siste eplerosa





Trehendig

17 07 2009
Trehendig, 15. juli 2009

Trehendig, 15. juli 2009