Juni

17 06 2010
Juni

Juni





Trøndertun

21 05 2010

Då var eg ferdig med Trøndertun, i staden for å fortelje mykje om kor givande det har vore, og kor mykje eg har utvikla meg som kunstnar, samt utvida mitt reportoar og min horisont, vel eg å la bileta tale for seg sjølv:

(trykk på for større bilete)





21st Century Fox, del 2

22 03 2010
21st Century Fox, Henrik Koppen 2010

21st Century Fox

No har eg måla eit slikt revebilete til. Det gjorde eg medan eg trudde at mobilen min skulle døy (den er over fem år gamal). Difor fekk den vere med på måleriet. Så kom vårsola og den vakna til liv igjen, eg trur den berre hadde ein vinterdepresjon.





21st century fox

4 03 2010
21st century fox, Henrik Koppen 2010

21st century fox

Eg likar å måle revar. Og så likar eg å måle ting frå mi eiga samtid. Ting ein ikkje hadde for ti år sidan, slik som iPodar. Så når eg ein dag er død, og nokon ser bileta mine og slikt, så kan dei skjøne at eg levde på starten av det 21. århundre (eg har også planar om å leve til eit stykke inn i andre halvdel av dette århundret). Tittelen kom etter at eg målte biletet. Den er eg svært nøgd med.

21st century fox, Henrik Koppen 2010
Ein litt mindre versjon, så det blir lettare å sjå heilskapen




Ny fjord II

10 02 2010
ny fjord II, Henrik Koppen 2010

Ny fjord II, Henrik Koppen 2010

Eg bestemde meg for å lage ein ny versjon av dette biletet eg måla i 2008, “Ny fjord”, nokre nye ting er komne til, som til dømes sladda barne-englar og helikopter. Reven ser daudare ut, og ein kan lese meir ut av anletet til jorda, som stig opp fordi ho har bestemt seg for at nok får vere nok, no byrjer vi på nytt. Syndeflod og hendelse, det står “dies irae” på det eine helikopteret, vredens dag.

Dette er også det største måleriet eg har laga nokon gong. 90×120 cm.

Detalj, røv og engel

Detalj, helikopter





Eit lerret på besøk

26 11 2009

Dette er Maria etter at eg fekk male litt på henne

Denne veka har vi hatt besøk av Maria Hagerupsen, ho kjenner mange her på Trøndertun, nemleg. Eg har mala litt på henne like så godt. Slikt kan fort skje. Og så har eg hjelpt henne med å lage ferdig nokre kjolar. Vi har mellom anna limt på eit puslespel på ein grøn kjole, og malt på rødhette-eventyret på ein annan. Eg målte også snop på Aurora. Det er Andreas Hopen som har teke dei fleste bileta.

prosess

Eg maler ein regnboge på maria

Eg malte også snop på aurora

Modell - Maria Hagerupsen, foto - Andreas Hopen, kroppsmåling - Henrik Koppen

Maria på ein ball

Maria og Aurora

Maria heng i matsalen





Drontetjuven

25 10 2009
Drontetjuven

Drontetjuven

Det var eg som stal den siste dronten. Eg veit ikkje kvifor. Det var lett, det var berre å plukke den opp og gå. Kanskje var det nettopp difor. Men kva skal eg så med denne dronta? Det gjenstår å sjå.

Drontetjuven

Drontetjuven





Eg har fått eit måleri!

17 10 2009
Åsmund Hovland

Åsmund Hovland 2009

Eg har fått eit måleri (arkyl på lerret) med min kompis Åsmund (6år), som bur i Ørsta. Han meinte visst at det var leitt at det alltid var eg som gav frå meg måleri, og at eg aldri fekk nokon sjølv. Eg vart i alle fall kjempeglad! Den skal eg henge opp på rommet mitt på folkehøgskulen så alle kan få sjå.





Trøndertun

3 09 2009

Her er mine første måleri frå folkehøgskulen min. Det tok nokre dagar før eg fekk slått meg til ro, og starta med malinga.

Forkjørsveg

Forkjørsveg

Eg fekk jo byrja på å ta lappen i vår, og har lest ein del teori, kanskje difor vart det litt skilt og slikt. Brillene er faktisk ekte briller, eg fann dei på eit gjerde på Øye.  Dei limte eg på med vanleg skolelim, og dei sat fast! Fantastisk.

Brillene var forresten øydelagde når eg fann dei, elles hadde eg nok ikkje tatt dei

Brillene var forresten øydelagde når eg fann dei, elles hadde eg nok ikkje tatt dei

Tante er trøytt

Tante er trøytt





Dresik park

19 06 2009
Dresik park

Dresik park

Dresik park

Dresik park

Eg har vore med på eit artig prosjekt med Åmås friskule, ein barneskule i Åmdalen. For over eit år sidan var dei på konsert med bandet Dinosau, ein konsert som så vidt eg har forstått, handla mykje om fantasidyr og slikt. Etter den framsyninga fekk elevane i 1. og 2. klasse (2. og 3. i år) i oppgåve å teikne ein “Dinosau” eller andre fantasidyr. Resultatet vart eit rikt utval av fantasirike og fantastiske teikningar som eg altså har måla mine versjonar av, på same måte som med Skjørtegut i 2007.

CIMG2473

CIMG3305

CIMG2482

CIMG3309

CIMG2476

CIMG3312