HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Kategori: Blå

Klassetur til London

Klassetur

I ekte tante Henny-stil har eg tatt vare på ein del billettar og kvitteringar etter turen, klasseturen til London altså, og laga noko fint ut av det. I tillegg har eg skrive ut nokre bilete frå reisa og laga ein slags kolasj/måleri.

Detalj1

Detalj1

Detalj2

Detalj2

27.02.09

Henrik Koppen, 2009

Veit ikkje heilt kvifor, men ting som er typiske for Sunnmøre har byrja å kome fram i bileta mine. Skulle kanskje trudd at det var først når ein flytta heimefrå at ein byrja med slikt. Når ein flyttar på folkehøgskule i Trøndelag til dømes. Landskapet her er jo ganske særnorsk, dessutan trur eg guten står på dekket på ei ferje. Han skulle hatt seg ei svele, guten.

Eg brukte tre fargar på dette biletet, dei ulike blåfargane er alle frå same målingsflaske, blanda med litt svart og litt kvitt. I tillegg kjem eit svakt streif av gult i den kalde sola. Eg synest guten ser ganske sympatisk ut.

Vinterferie

Kriminell

Kriminell

Henrik Koppen feb 2009

Blåbrun dame

Henrik Koppen, blåbrun 2009

Inspirasjonen til dette biletet er ironisk nok ein gensar (siktar her til mangel på gensar på biletet). For nokre år sidan fekk eg ein stripete gensar  med brune og blå striper. Det er ein ganske fin gensar, og ein ganske fin fargekombinasjon. Under musikalførebuingane teikna eg eit auge på baksida av songen Scandal med brune og blå striper over. Så balla det på seg då, kan ein seie.

n717085890_2526307_26

Her er gensaren. Og her er Ingvil, det er forresten ho som tilfeldigvis syng Scandal.

Tilkobling mislyktes

Tilkobling mislyktes

Tilkobling mislyktes

Ein fugl, rett og slett

Fugl

Fleire trivelege ting hertilgards, altså.

Trekkspeltortur

cimg1751

Eit merkeleg innfall, dette. Men det fortel jo litt om verda rundt oss. Som til dømes at trekkspel skal ikkje kome i dei gale hender. Det visste du kanskje frå før. Eg kunne sikkert spart meg å måle dette biletet. Idéen var det med haka til trekkspelaren som passar akkurat inn i trekkspelet, og tennene som ser ut som trekkspelet. Så vart resten til av seg sjølv. Tittelen til dømes, ramla ned i hovudet mitt, ikkje ofte det vert engelske titlar med meg, men eg fann ut at det vart best på engelsk.

Heath, men ikkje Ledger

Heath, men ikkje Ledger

Heath, men ikkje Ledger

Jo, det er Heath Ledger, sjølv om det i tittelen kanskje kunne verke som om det ikkje var han. Dette er nemleg eit ordspel og eit sabla morosamt eit også. Det var ikkje mitt ordspel for å seie det sånn. Det var Olav sitt, det var i alle fall han som sa det til meg. Dette er eit bilete av Heath Ledger ved kanten av eit stup og med eit tomt pilleglas i handa.

Samtlige jenter i den vestlege verda har det siste året gått rundt og sørga over hans bråe og mystiske død, dei grin åpenlyst og melder seg inn i facebookgrupper som “RIP, Heath Ledger 1979-2008″ (denne gruppa har i skrivande stund 82068 medlemmer). Det er sjølvsagt leitt at han døydde, men du verden, ordspelet er jo mykje betre no enn før han døydde.

Back to

Dette er på mange måtar eit back to basics-bilete. Eller back to hausten 2007. Eller noko i den dur. Det er også første gong på lenge at eg lagar eit portrett i berre blåtonar (meinar her ulike nyansar av blått, ikkje blåtonar som i musikk). Det var også på høg tid at saksa fekk meir å seie igjen. Jaja, her er den. Eg har to sakseidéar til som eg gler meg til å få malt ut.

Musikarar

Eg likar å lage folk med instrument. Eg likar musikk. Eg speler piano sjølv, og kjenner mange musikarar sidan eg går musikklinja.

Dette er mitt nyaste bilete med ein musikar.

Klarinettisten likar eg.

(Raud prikk)

Denne cellisten hamna på Rovde.

Brått og tilfeldigvis fekk eg notane på Islamey i hende, og då målte eg eit bilete med same namn. Fint namn i grunnen, men då eg målte dette biletet var eg ung og dum, og biletet vart litt “sådär…slarvig “. Til dømes er det noko alvorleg gale med proposjonane på pianisten. Til dømes er hendene altfor små. Dessutan går det ikkje an å spele Islamey så avslappa, det er nemleg eit ganske heftig pianostykke. Men fargane vart fine, då.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.