Vintergudinne
11 04 2010kommentarar : 1 kommentar »
kategoriar : Blå, Landskap, Mytologi, Skandinavia
21st Century Fox, del 2
22 03 2010kommentarar : 3 kommentarar »
kategoriar : Blå, Dyr, Film, Røv, Teknologi
Nattbuss
8 01 2010kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Blå, Folk, Landskap, Mytologi, litt makabre ting
Eg sat fredeleg og prøvde å løyse ei rubikskube, då nokon brått stal integriteten min
21 12 2009kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Blå, Folk, litt makabre ting
Ymse småpjask
24 11 2009Far min kallar det vesle fyrverkeriet ein har på nyttårsaftan for småpjask. Du veit, slike små futt og hylarar og sånne som dei brukar på den store klassefesten når nokon vinn. Desse bileta her har eg måla på under eitt døgn, og dei er 25×30 cm, altså ikkje veldig store. Det er så kjekt å måle små bilete av og til, eg har måla mange store i haust, og dei tek så himla lang tid å lage. Ein føler at ein får gjort mykje når ein kan produsere eitt bilete i timen.
kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Blå, Folk, Landskap, Musikk
Den store, norske oljegudinna
17 07 2009
Den store, norske oljegudinna
Eg likte tanken på ei slags fruktbarheitsgudinne som skulle velsigne Noreg med olje, ei gudinne som sørga for å gjere Noreg svinerikt og lose oss trygt gjennom finanskrisa. Eg synest at olje er ein fascinerande ting, eg, at vi tilfeldigvis har det hertillands og kan pumpe den opp og tjene pengar på den. Eg er sjølvsagt klar over at oljen ikkje kjem frå ei munnviken til ei lubben kvinne som står midtfjords med ein oljeplattform på hovudet, men det er no eingong slik ein framstillar naturgudar (trur eg).
Secret bonustrack: Urke kraftverk

Urke kraftverk. Er det ikkje tøft at glaset er så blankt at ein ser meg spegle seg i glaset?
I høve opninga av Urke kraftverk vart eg beden om å måle ei opningsgåve til dei, kjekt, kjekt. Eg målte urke kraftverk, med Hjørundfjord-inspirerte fjell, og og også her ei personifisering av naturkreftene, som skjenkar vatn til menneska slik at dei kan utnytte den til vasskraft (som er ei gjennvinnbar energikjelde, hurra, derfor ser ho kanskje litt sunnare og friskare ut enn oljegudinna). Eg er sjølvsagt klar over at dette med personifisering av naturkrefter og naturfenomen ikkje er ein ny ting, heller ikkje framstilling av dei i biletkunst. Til dømes i norrøn mytologi finn vi slikt, og eg må seie at slikt verkeleg fascinerar meg, difor lagar eg mine eigne, nye versjonar der moderne teknologi vert fletta inn.
kommentarar : 1 kommentar »
kategoriar : Blå, Folk, Landskap, Skandinavia, Teknologi
Ein ganske god frukost
25 05 2009
Av dei frukostane ein et i laupet av eit liv, er det ikkje alle som er fantastisk gode. Dei fleste er sånn passe bra. Dette er ein slik frukost. Ein heilt grei ein. Med litt knekkebrød som smular og kaffi som ryk.
kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Blå, Folk
Eg har blanda litt grøn og litt blå
14 05 2009
Henrik Koppen mai 2009
Eg har for første gong i historia både ei stor flaske med blå og ei stor flaske med grøn. Før brukte eg å blande gul og blå, og brukte enorme mengder maling på å få til den riktige nyansen, når eg skulle male med grønt. Eg har funne på noko fint, på biletet du ser over har eg blanda litt grøn inn i lyseblå slik at det blir turkis. Det er ein fin farge synest eg, det synest forresten alle. Fin farge er det uansett.
Elles kan eg nemne at augelok er ein detalj eg likar betre og betre. Litt augelok kan gjere mykje for totalutrykket, og gir personen på biletet meir personlegdom (synest eg då). Litt Hanne Hukkelberg med slike augelok. Likar det, eg altså.

Litt sånne augelok
kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Blå, Folk
Golfutstilling
13 05 2009Fredag 15. mai kl 1900 er det opning av utendørs kunstutstilling på golfbana på Eidså, Vanylven. Såvidt eg har forstått er det eit bilete som står ved kvart hol i golfbana, og det er bilete som er scanna og forstørra. Eg har fått bidra med eit bilete som har blitt forstørra opp til 1×2 meter, altså større enn meg! Biletet kan du sjå under.

kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Blå, Utstilling
Klassetur til London
11 04 2009
I ekte tante Henny-stil har eg tatt vare på ein del billettar og kvitteringar etter turen, klasseturen til London altså, og laga noko fint ut av det. I tillegg har eg skrive ut nokre bilete frå reisa og laga ein slags kolasj/måleri.

Detalj1

Detalj2
kommentarar : 1 kommentar »
kategoriar : Blå, Folk







Kommentarar