Medan vi ventar

Der ser du foten til Sunniva. På ankelen er ein liten gut med ein drake. Den er det eg som har teikna, og Ane som faktisk har TATOVERT den på foten til Sunniva, og der skal den vere for alltid og alltid. Det er ganske sjukt å tenke på, og så er det eg som har laga den, liksom. Veldig fint å tenke på også, då.
Dette var ein ventepost, eg er på Øye no, og har vore der den siste månaden, og eg har ikkje mala nokonting medan eg var her. Men eg har mange saftige skisser! Berre vent!













