Om meg

Utstillingar:

Herøy Vidaregåande skule, avd Vanylven, Syvde – Vanylven Kunstlag – Okt 2008

Stryn Kulturhus – Stryn Kunstlag – mai 2009

Utstilling under Kostarikjedagane – Teas Selskapssalong, Eidså – juni 2009

Sommarustillinga på Kunsthuset i Ørsta (kollektivutstilling)- Ørsta Kunstlag – Sommaren 2009

Eg er Henrik Koppen. Då eg var eit lite born teikna eg mykje, og det fortsette eg rett og slett å gjere. For tida går det mykje i akrylmåling, eg synest det ei kjekk måling å arbeide med. Eg vart fødd i 1990, og vaks opp i den vesle Sunnmørsbygda Velsvika. Eg er også musikar, har spela piano sidan eg var 8 og orgel sidan eg var 16, og gjekk på musikklinja  ved Volda vgs. Akkurat no går eg på kunstlinja på Trøndertun folkehøgskule på Melhus. Det er noko eg kan like!

Eg målar ikkje så mykje på eggekartong meir.

Dette er ein collage eg laga, det er eit sjølvportrett. Så kan du sjå korleis eg ser ut.

Dette er ein collage eg laga, det er eit sjølvportrett. Så kan du sjå korleis eg ser ut.

Her er eg i ein park.

cimg1892

Eg likar å måle med sterke fargar og svarte strekar. Eg måler ofte revar, fisk og sakser, fordi det simpelthen er ting eg likar. Det hender at eg speler på det makabre også, eller så kan eg rett og slett lage noko eg synst er meir koseleg. Det varierer alt etter dagsform. Viktig dette med balanse.

cimg1694

Over: eit litt makabert  bilete

Under: Eit litt koseleg biletep6070607

Når eg målar likar eg å høyre ting. P2 til dømes, det er ein bra ting, eller lydbok. Elles høyrer eg på musikk som til dømes:



Og om det er noko du lurar på kan du skrive ein kommentar, eller sende meg ein mail til mailadressa mi:  h_koppen_@hotmail.com

2 svar

6 11 2008
mamma

Utruleg treffande bilde av deg som liten!
Malte med begge hendene! ;o)

2 04 2010
Andres Mänd

Hei Henrik

Jeg har fulgt din utvikling ca et-års tid nå og
jeg er mildt sagt imponert. Utrolig sikker strek og
veldig gjennomtenkte idèer.
Har du noen planer etter Trøndertun? Kunne animasjonslija i Volda være
et alternativ?

hilsen
Andres
lederen av animasjonslinja i nabobygda ;)

Og God Påske!

Kommenter innlegget