Utstilling i Stavern

av Henrik

Frå opninga

Frå opninga

Nokre av mine måleri

Nokre av mine måleri

Så var mitt livs hittil største utstilling opna, i den vesle kunstbyen Stavern, ein særs sjarmerande stad må eg seie. Det er veldig rart å tenkje på, no som eg er på Sunnmøre att, at i den andre enden av Noreg heng bileta mine og folk går og ser på dei, og kven veit, kanskje nokon kjøper noko der?

Utstillinga er opa frå 26. juni til 1. august alle dagar, og den er på Sensorium Galleri midt i Stavern. Eg er ein av tre unge kunstnarar som stiller ut på denne utstillinga, dei andre to er Anette Mehl Landmark og Marianne Mehl Lauvland.

Landmerke i Stavern

Landmerke i Stavern

Random slesk kunstnar i Stavern

Random slesk kunstnar i Stavern

Banneret som heng utanpå galleriet

Banneret som heng utanpå galleriet