HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

21st century fox

21st century fox, Henrik Koppen 2010

21st century fox

Eg likar å måle revar. Og så likar eg å måle ting frå mi eiga samtid. Ting ein ikkje hadde for ti år sidan, slik som iPodar. Så når eg ein dag er død, og nokon ser bileta mine og slikt, så kan dei skjøne at eg levde på starten av det 21. århundre (eg har også planar om å leve til eit stykke inn i andre halvdel av dette århundret). Tittelen kom etter at eg målte biletet. Den er eg svært nøgd med.

21st century fox, Henrik Koppen 2010
Ein litt mindre versjon, så det blir lettare å sjå heilskapen

Eldrebølga

For nokre veker sidan fekk vi oppgåve som gjekk ut på å lage kunst i bokform. Eg laga ei lita soge om Eldrebølga. Eg har høyrt litt om denne eldrebølga, og har skjønt at det ikkje er ein bra ting. Bøkene er utstilt på Trondheim hovudbibliotek akkurat no!

Eg har kome fram til at minstepensjonistar er dei minste pensjonistane - dei er glade i å lage styr

I hovudrolla hadde eg sett meg sjølv. Olav og Sunniva dukka også opp.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.