HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Månad: mars, 2010

21st Century Fox, del 2

21st Century Fox, Henrik Koppen 2010

21st Century Fox

No har eg måla eit slikt revebilete til. Det gjorde eg medan eg trudde at mobilen min skulle døy (den er over fem år gamal). Difor fekk den vere med på måleriet. Så kom vårsola og den vakna til liv igjen, eg trur den berre hadde ein vinterdepresjon.

Litt eksperimentering

Henrik Koppen mars 2010

Henrik Koppen mars 2010

Henrik Koppen mars 2010

Henrik Koppen mars 2010

Ein må jo eksperimentere litt. Dessutan hadde eg behov for å måle litt lette å lyse bilete, i staden for desse massive måleria med sterke fargar som eg elles driv på med. Kanskje er det ein vårting. Begge bileta er improviserte, noko dei også ber preg av. Søren og, eg må bli flinkare til å improvisere med maling og eksperimentere meir. Må ikkje låse seg fast, nemleg.

Eg likte desse bileta litt, sjølv  om dei vart lite sådär slarviga. Vi hadde ein gjestelærar for litt sidan som sa at eg måtte eksperimentere meir og ikkje vere så resultatsmedviten. At det var viktig å gjere feil og lære av dei. Sånn er det med alt.

Eg vil male meir slike lyse bilete no.

Installasjon av ekstern harddisk.

Installasjon av ekstern harddisk, Henrik Koppen 2010

Installasjon av ekstern harddisk

HD

Eg sat fredeleg og prøvde å løyse ei rubikskube, då nokon brått stal integriteten min. Henrik Koppen 2009

Eg sat fredeleg og prøvde å løyse ei rubikskube, då nokon brått stal integriteten min.

Eg har fotodokumentert med spegelreflekskamera, noko som gjer at eg har bilete av bileta mine som har høgare kvalitet. Desse deler eg her. Så blir folk glade, og Emil kan få fleire pikslar i bakgrunnen sin.

Heldigvis er det framleis slik at dei er finare i røynda.

November I, Henrik Koppen 2009

November I, Henrik Koppen 2009

November II, Henrik Koppen 2010

November II, Henrik Koppen 2010

November III, Henrik Koppen 2010

November III, Henrik Koppen 2009

Ferjehyrding, Henrik Koppen 2010

Ferjehyrding, Henrik Koppen 2010

Finanskrise II, Henrik Koppen 2009

Finanskrise II, Henrik Koppen 2009

21st century fox

21st century fox, Henrik Koppen 2010

21st century fox

Eg likar å måle revar. Og så likar eg å måle ting frå mi eiga samtid. Ting ein ikkje hadde for ti år sidan, slik som iPodar. Så når eg ein dag er død, og nokon ser bileta mine og slikt, så kan dei skjøne at eg levde på starten av det 21. århundre (eg har også planar om å leve til eit stykke inn i andre halvdel av dette århundret). Tittelen kom etter at eg målte biletet. Den er eg svært nøgd med.

21st century fox, Henrik Koppen 2010
Ein litt mindre versjon, så det blir lettare å sjå heilskapen

Eldrebølga

For nokre veker sidan fekk vi oppgåve som gjekk ut på å lage kunst i bokform. Eg laga ei lita soge om Eldrebølga. Eg har høyrt litt om denne eldrebølga, og har skjønt at det ikkje er ein bra ting. Bøkene er utstilt på Trondheim hovudbibliotek akkurat no!

Eg har kome fram til at minstepensjonistar er dei minste pensjonistane - dei er glade i å lage styr

I hovudrolla hadde eg sett meg sjølv. Olav og Sunniva dukka også opp.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.