Eg er med i eit band! For første gong i livet mitt er eg med i eit band, sånn på ordentleg. Eg er med i eit kunstband som heiter “Gamle fru Greger“, og vi stiller vel i grunnen opp med eit alternativ til alle desse rockebanda som herjar på skulen. Sampling av vaskar, stomp, opplesing av tekst, improvisasjon og velting av stolar og bord, er berre nokre av merkelappane ein kan setje på dette noko eksentriske bandet, DETTE ER NEO DADA BABY!, som Finn seier. Sidan tre av bandets medlem går på kunstlinja kan vi satse sterkt på det visuelle utrykket (noko som har blitt viktig notildags, har eg forstått). http://www.myspace.com/gamlefrugreger – myspace-side har vi også fått oss.
- Gamle fru Greger- biletet, laga av Finn
Her er ein tekst eg skreiv til vår nyaste hitsingel, som kjem ut snart. Fyl med på myspace, seier eg berre:
Gamle fru Greger sit i ein raud øyrelappstol i stova og strikkar, autopilot. Gamal stove, gamal dame. Det var ein langdregen prosess å velje tapet til desse veggane, ein gong på femtitalet. Ho landa på ein mørkegrøn, stripete ein. Ein ho aldri hadde likt, men Gamle fru Greger klarte til slutt å forsone seg med den tunge fargen på veggane hennar, ho var ei omgjengeleg peparmøy. No var ikkje dette noko som var i Gamle fru Greger sine tankar i det heile, heile hennar konsentrasjon vart brukt til strikkinga. Ho hadde strikka så lenge at ho ikkje lenger hugsa kva ho strikka, kva ho hadde byrja på. Om ho ikkje hadde vore så oppslukt av strikkinga si hadde ho kanskje lagt merke til vatnet som hadde byrja å renne nedetter dei mørkegrøne veggane og legge seg som eit vått teppe på golvet. Drypping, små plask og ei stadig aukande vassmengd. Gjenstandar frå eit levd liv som letta frå golvet og byrja å flyte rundt i rommet. Gamle fru Greger har ein alvorleg lekkasje i sitt gamle hus. Gamle fru Greger sukkar og reddar ei maske frå å bli mista, men ho ser ikkje kattane hennar som mjauande blir kasta mot veggen av ei større bølge, ho merkar ikkje at stolen ho sit i har byrja å flyte på i vatnet, at den raude øyrelappstolen renn ut døra og ut i verda.

Kommentarar