HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Månad: november, 2009

Eit lerret på besøk

Dette er Maria etter at eg fekk male litt på henne

Denne veka har vi hatt besøk av Maria Hagerupsen, ho kjenner mange her på Trøndertun, nemleg. Eg har mala litt på henne like så godt. Slikt kan fort skje. Og så har eg hjelpt henne med å lage ferdig nokre kjolar. Vi har mellom anna limt på eit puslespel på ein grøn kjole, og malt på rødhette-eventyret på ein annan. Eg målte også snop på Aurora. Det er Andreas Hopen som har teke dei fleste bileta.

prosess

Eg maler ein regnboge på maria

Eg malte også snop på aurora

Modell - Maria Hagerupsen, foto - Andreas Hopen, kroppsmåling - Henrik Koppen

Maria på ein ball

Maria og Aurora

Maria heng i matsalen

Ymse småpjask

Barbro har ein dårleg dag

Barbro har ein dårleg dag

Far min kallar det vesle fyrverkeriet ein har på nyttårsaftan for småpjask. Du veit, slike små futt og hylarar og sånne som dei brukar på den store klassefesten når nokon vinn. Desse bileta her har eg måla på under eitt døgn, og dei er 25×30 cm, altså ikkje veldig store. Det er så kjekt å måle små bilete av og til, eg har måla mange store i haust, og dei tek så himla lang tid å lage. Ein føler at ein får gjort mykje når ein kan produsere eitt bilete i timen.

Trehus

Trehus

Piano

Piano

Eitthjulssyklist I og II

 

Eitthjulssyklist I

Eitthjulssyklist I

Eitthjulssyklist II

Eitthjulssyklist II

 

 

Familjen

Her på trøndertun hadde vi familiedag førre helg. Det var stor stas, og mange folk og mykje kunst i krikar og krokar og på meir sentrale stader. Eg var med i komiteen, og då kunne eg gi meg sjølv oppdraget å lage framsida av programheftet. Det kopierte eg opp i nesten 300 eksemplar og fekk hjelp til å brette. Ganske kommærst. Det skal liksom handle om kreativitet og slikt. Det er det som er det fargerike som heng over hovudet på den midterste personen.

 

 

 

Jørgen fekk halde det

Brænne

Feiring av Brænnebrus, Henrik Koppen nov 2009

No som Brænne-fabrikken skal leggast ned har eg nytta høvet til å måle eit par bilete som tek utgangspunkt i flasker med Brænne-brus. Alle går rundt og er leie seg på grunn av nedlegginga, eg også, difor laga eg desse som ei slags siste helsing. Det eine er meint som heider til denne lokalbrusa, det andre skal illustrere korleis alle er desperate etter å få tak i dei siste eplerosene.

Dessutan er det jo kulturminneår i år.

Den siste eplerosa

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.