Drontetjuven

25 10 2009
Drontetjuven

Drontetjuven

Det var eg som stal den siste dronten. Eg veit ikkje kvifor. Det var lett, det var berre å plukke den opp og gå. Kanskje var det nettopp difor. Men kva skal eg så med denne dronta? Det gjenstår å sjå.

Drontetjuven

Drontetjuven





Eg har fått eit måleri!

17 10 2009
Åsmund Hovland

Åsmund Hovland 2009

Eg har fått eit måleri (arkyl på lerret) med min kompis Åsmund (6år), som bur i Ørsta. Han meinte visst at det var leitt at det alltid var eg som gav frå meg måleri, og at eg aldri fekk nokon sjølv. Eg vart i alle fall kjempeglad! Den skal eg henge opp på rommet mitt på folkehøgskulen så alle kan få sjå.





Gjenoppdaging av paint.

15 10 2009

Paint, Henrik Koppen 2009

I dag har eg teikna litt i paint. Det har eg ikkje gjort på fleire år, trur eg, i min barndom var paint eitt av få aktivitetar vi kunne benytte oss av på vår gamle, stasjonære datamaskin (Internett var for oss noko fjernt), og dermed teikna vi kjempemykje i paint, og vart vel ganske flinke i dette, det er ein del triks vi fann fram til av oss sjølve, og då går alt så mykje fortare.

Eg vurderar å skrive ut desse fjesa eg teikna i dag og bruke dei i eit måleri eller ein collage.





Opptur/Nedtur

10 10 2009
Opptur

Opptur

Nedtur

Nedtur

Eit sjølvportrett av måling/collage. Eg har spelt alle notane i bakgrunnen.

Begge

Begge





Sjablong pablong

8 10 2009

Herfra blir du bare eldre. Johan Harstad. Henrik Koppen

Herfra blir du bare eldre

Vi måla med sjablong for nokre veker sidan. Det blei slik. Eg valde Johan Harstad. På biletet er også ei tekst (som du sikkert ikkje klarer å lese), det er ein kortprosatekst frå samlinga “Herfra blir du bare eldre” som kom ut i 2001. Skrive av Johan Harstad sjølvsagt. Teksten handlar kort forklart om å lure små born til å ete sand.  Her er biletet eg skar i:

Eg laga også mange små; klikk på for å forstørre:





Skandinavisk lidenskap

4 10 2009
Skandinavisk lidenskap

Skandinavisk lidenskap

CIMG6547

Detalj





Finanskrise

4 10 2009
Finanskrise

Finanskrise

Dersom du lurte på kven som hadde pengane til Island, så er det meg. Eg hadde ein del islansk valuta til overs etter min sommarferie tur dit. Det bestemde eg meg for å lage kunst av. Dermed tok eg og skar ein 500-lapp i remser. Kanskje synest folk at det er ubehageleg å sjå ein så tilsynelatande verdifull penge bli øydelagt? I såfall kan eg informere om at den er verdt berre 25 norske kr.