Sommarutstilling i Ørsta
Eg skal vere med og stille ut åtte bilete i på Ørsta Kunsthus i Ørsta sentrum i sommar. Den skal henge der frå laurdag 27. juni til 15. august. Opninga av salsutstillinga er laurdag 27. juni kl 1300, og då er sjølvsagt alle hjarteleg velkomne. Opninga er eit arrangement som går under dei Nynorske Festspela.
