Eg har blanda litt grøn og litt blå

Henrik Koppen mai 2009
Eg har for første gong i historia både ei stor flaske med blå og ei stor flaske med grøn. Før brukte eg å blande gul og blå, og brukte enorme mengder maling på å få til den riktige nyansen, når eg skulle male med grønt. Eg har funne på noko fint, på biletet du ser over har eg blanda litt grøn inn i lyseblå slik at det blir turkis. Det er ein fin farge synest eg, det synest forresten alle. Fin farge er det uansett.
Elles kan eg nemne at augelok er ein detalj eg likar betre og betre. Litt augelok kan gjere mykje for totalutrykket, og gir personen på biletet meir personlegdom (synest eg då). Litt Hanne Hukkelberg med slike augelok. Likar det, eg altså.

Litt sånne augelok
