Gå til innhald
april 8, 2009 / Henrik

Påske

Påske, Henrik Koppen 2009

Dette er eit bilete eg er særs nøgd med, og endeleg er det eit nytt måleri som får vere med i “selected paintings of 09″-mappa mi. Grunnen til at dette er eit påskebilete er sjølvsagt appelsinen, sjølve påskefrukta. Jul har mandarin, påske har appelsin. Likevel er det ikkje eit brudd på normene i ete appelsin andre tider på året enn i påska. Før var jo appelsin ei julefrukt, då var juleappelsina den einaste gåva borna fekk, og det var den einaste gongen i året dei fekk smake ein appelsin. Det er i alle fall det eg har høyrt.

Du kan tolke dette bilete til  å vere ei oppfordring til å ete meir frukt og grønt, og pila (som er eit symbol, eit ganske konkret eit) tyder at frukta skal inn munnen. Altså kan tydinga av måleriet vere ei slags frukteting for dummies (neste bilete handlar nok om korleis ein skrellar appelsin).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

Gravatar
WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.