Eg laga eit påskebilete til, eg. I påska. Med kvikklunsj.
Meir påske
18 04 2009kommentarar : 1 kommentar »
kategoriar : Folk
Klassetur til London
11 04 2009
I ekte tante Henny-stil har eg tatt vare på ein del billettar og kvitteringar etter turen, klasseturen til London altså, og laga noko fint ut av det. I tillegg har eg skrive ut nokre bilete frå reisa og laga ein slags kolasj/måleri.

Detalj1

Detalj2
kommentarar : 1 kommentar »
kategoriar : Blå, Folk
Ikkje sjå rett på sola
9 04 2009
Ikkje sjå rett på sola, Henrik Koppen 2009
Eg held fram med å måle lettare oppdragande bilete. Du må ikkje sjå rett på sola. Herved er du advart
kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Folk, Landskap, litt makabre ting
Påske
8 04 2009
Dette er eit bilete eg er særs nøgd med, og endeleg er det eit nytt måleri som får vere med i “selected paintings of 09″-mappa mi. Grunnen til at dette er eit påskebilete er sjølvsagt appelsinen, sjølve påskefrukta. Jul har mandarin, påske har appelsin. Likevel er det ikkje eit brudd på normene i ete appelsin andre tider på året enn i påska. Før var jo appelsin ei julefrukt, då var juleappelsina den einaste gåva borna fekk, og det var den einaste gongen i året dei fekk smake ein appelsin. Det er i alle fall det eg har høyrt.
Du kan tolke dette bilete til å vere ei oppfordring til å ete meir frukt og grønt, og pila (som er eit symbol, eit ganske konkret eit) tyder at frukta skal inn munnen. Altså kan tydinga av måleriet vere ei slags frukteting for dummies (neste bilete handlar nok om korleis ein skrellar appelsin).
kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Folk
Kunstnarreir
8 04 2009

Slik ser altså atelieret mitt ut, eller kunstnarreiret mitt som du kan kalle det dersom du har problem med franske låneord (eigentleg har eg det, men akkurat atelier klarar eg, uttalast atelié). Eg er heldig som har eit kunstnarreir, eitt der eg kan søle så mykje eg berre vil (noko eg også gjer), og ein stad der eg slepp å rigge opp og rigge ned kvar gong eg skal måle, ein stad der eg kan høyre på så høg musikk eg berre vil uansett kva tid det er på døgeret, ein stad der eg kan gjere noko av det eg likar best, ein stad der eg kan vere aleine. Det kan vel eigentleg ikkje verte betre (i alle fall ikkje så lenge pusekattane på garden ikkje bæsjar på golvet der inne, det har skjedd). Atelieret mitt er heldigvis ikkje i våningshuset, så då vert eg ikkje forstyrra anna enn når det er mat på gong. Det er i “buda” som står like ved, ei bud som fungerar for oppbevaring av mellom anna akebrett, syltetøy og gamle, fine ting.

Slit ser buda ut på ein god dag

kommentarar : Legg att ein kommentar »
kategoriar : Uncategorized
Kommentarar