Gå til innhald
mars 11, 2009 / Henrik

Kulturminneår del I

cimg2471

I år er det kulturminneår. Det første eg kom til å tenkje på då eg fekk vite det tenkte eg på kvennhuset våra. Og kanskje litt på naustet. Og rare trestykke oppe i buda som ingen eigentleg hugsar kva ein skal bruke til. Eg fekk litt lyst til å bidra med noko. Sidan eg ikkje er spesielt praktisk anlagt skal eg ikkje prøve meg på å restaurere kvennhuset vårt. Sidan eg ikkje har peiling på trestykka i buda skal eg ikkje fortelje om dei til komande generasjonar. Problemet mitt er vel at eg har levd så kort. Eg hugsar berre 2000-tal og 90-tal. Difor målte eg mitt 90-tal. Slik såg vi altså ut. Med store plastsolbriller og fargerike dressar med merkelege mønster. Og så høyrde vi på kassett. Daud teknologi, som dei seier. Det er eigentleg mykje som har blitt daud teknologi i mine få leveår (meir om dette seinare). Dersom du lurte er det ein “brødrene Ravnås”-kassett. Sorry alle ravnås-fans, eg øydela ein av kassettane deira (kanskje er den sjeldan?).

Så, kva vil eg? -Vise fram kassett-. Eg hadde ganske mange kassettar. No kan ein vise alle desse borna i compact disc-generasjonen korleis kassett var. Meir om kassett her.

cimg2217

Ein kommentar

Kommenter innlegget
  1. Synnøve Marie / Apr 18 2009 21:53

    Eg rett og slett elskar dette biletet!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

Gravatar
WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.