Vi målar med raud

16 03 2009

Henrik Koppen mars 2009

Eg har framleis ikkje fått tak i primærblå. Difor vart det eit raudt/gult/brunt bilete, slik at eg ikkje treng nokon “frisk” blåfarge. Eg veit ikkje kva ho speler på, skal eg vere heilt ærleg. Eit klimpreinstrument er det i alle fall.





Kulturminneår del II

14 03 2009

cimg2490

I dagens bolt om daud teknologi: overhead.





Here comes the sun

13 03 2009
Here Comes the Sun, Little Darlin. Henrik Koppen 2009

Here Comes the Sun, Little Darlin. Henrik Koppen 2009

No er det vår og no kjem sola. Forhåpentligvis ikkje for nær slik at det blir global oppvarming.





Kulturminneår del I

11 03 2009

cimg2471

I år er det kulturminneår. Det første eg kom til å tenkje på då eg fekk vite det tenkte eg på kvennhuset våra. Og kanskje litt på naustet. Og rare trestykke oppe i buda som ingen eigentleg hugsar kva ein skal bruke til. Eg fekk litt lyst til å bidra med noko. Sidan eg ikkje er spesielt praktisk anlagt skal eg ikkje prøve meg på å restaurere kvennhuset vårt. Sidan eg ikkje har peiling på trestykka i buda skal eg ikkje fortelje om dei til komande generasjonar. Problemet mitt er vel at eg har levd så kort. Eg hugsar berre 2000-tal og 90-tal. Difor målte eg mitt 90-tal. Slik såg vi altså ut. Med store plastsolbriller og fargerike dressar med merkelege mønster. Og så høyrde vi på kassett. Daud teknologi, som dei seier. Det er eigentleg mykje som har blitt daud teknologi i mine få leveår (meir om dette seinare). Dersom du lurte er det ein “brødrene Ravnås”-kassett. Sorry alle ravnås-fans, eg øydela ein av kassettane deira (kanskje er den sjeldan?).

Så, kva vil eg? -Vise fram kassett-. Eg hadde ganske mange kassettar. No kan ein vise alle desse borna i compact disc-generasjonen korleis kassett var. Meir om kassett her.

cimg2217