Tilkobling mislyktes

21 01 2009
Tilkobling mislyktes

Tilkobling mislyktes





Weiter, bitte

14 01 2009
Weiter, bitte

Weiter, bitte

Heidi gav meg ei utfordring til måleri, og instruksane var: “eit bilde der kasser og folk er eit viktig element.” Slik løyste eg oppgåva. Eg fekk litt assosiasjonar til posten medan eg målte dette biletet. Grunnen til at det heiter “weiter, bitte” er fordi det tyder vidare, og for å vise rørsle. Grunnen til at det står på tysk er at det var på tide at eg fekk brukt mine tyskkunnskapar til noko fornuftig. Elles har eg skrive ting på eskene på norsk, engelsk og litt islandsk til og med. Og piler, eg likar piler.

cimg1798

Så skreiv eg også dativspreposisjonane på tysk for å brife med tyskkunnskapane mine. Eg kom fram til at det passa godt.

Detalj

Før alt dette utfordra eg Heidi og sa “sykling forbode”. Slik vart det:

sykling-forbode





Teiknefritime

14 01 2009

I fritimen i dag sat vi i kantina og teikna med mine teikneblyantar. Det vart ganske fint. Difor deler eg desse teikningane med heile verda.

cimg1821

Dette noko abstrakte verket laga eg og Torgeir. Vi fann vel ut at det var ein åme sin lange veg til å bli ein fisk, eller vegen inn i festsalen, ikkje så lett no når det er oppussing på gong, og ganske kaotiske tilstandar på skulen.

cimg1825

Ei bokklubbmarihøne teikna av Synnøve og eit slags vaffelhjarte teikna av Torgeir. Lite visste vi då at vi minutt seinare skulle ete opp vafla til Maria.

cimg1826

Ingvild laga eit skattekart til meg. Det skal eg jammen meg teste ut. Det ser ut til at det ligg ein skatt på taket mitt.





Ein fugl, rett og slett

14 01 2009
Fugl

Fleire trivelege ting hertilgards, altså.





På tide med noko koseleg

13 01 2009

cimg17641

No var det vel på tide å måle noko som var litt koseleg. Noko som ikkje inneheld klipping av kroppsdelar, skumle trekkspelfolk eller tøysing med australske skodespelarar sin død. Med andre ord; eg målte ei marihøne og to som koste seg med å sjå på den. Det var berre det.





Trekkspeltortur

11 01 2009

cimg1751

Eit merkeleg innfall, dette. Men det fortel jo litt om verda rundt oss. Som til dømes at trekkspel skal ikkje kome i dei gale hender. Det visste du kanskje frå før. Eg kunne sikkert spart meg å måle dette biletet. Idéen var det med haka til trekkspelaren som passar akkurat inn i trekkspelet, og tennene som ser ut som trekkspelet. Så vart resten til av seg sjølv. Tittelen til dømes, ramla ned i hovudet mitt, ikkje ofte det vert engelske titlar med meg, men eg fann ut at det vart best på engelsk.





Heath, men ikkje Ledger

10 01 2009

Heath, men ikkje Ledger

Heath, men ikkje Ledger

Jo, det er Heath Ledger, sjølv om det i tittelen kanskje kunne verke som om det ikkje var han. Dette er nemleg eit ordspel og eit sabla morosamt eit også. Det var ikkje mitt ordspel for å seie det sånn. Det var Olav sitt, det var i alle fall han som sa det til meg. Dette er eit bilete av Heath Ledger ved kanten av eit stup og med eit tomt pilleglas i handa.

Samtlige jenter i den vestlege verda har det siste året gått rundt og sørga over hans bråe og mystiske død, dei grin åpenlyst og melder seg inn i facebookgrupper som “RIP, Heath Ledger 1979-2008″ (denne gruppa har i skrivande stund 82068 medlemmer). Det er sjølvsagt leitt at han døydde, men du verden, ordspelet er jo mykje betre no enn før han døydde.