HENRIK KOPPEN

Kunst og leven

Månad: desember, 2008

Vennligst klipp langs den striplede linjen

Klippklipp, Henrik Koppen 2008

Litt sånn som på plasticfantastic der dei teiknar med tusj på huda til desse folka som meiner dei er for stygge for å vise kvar dei skal skjære og fjerne ting. Difor er det litt vittig å klippe i munnviken, for det gjev ein neppe ein særleg fordelaktig utsjånad, men ein kan kanskje gape over ganske store ting. Dersom ein får lyst til å bite over ein melon til dømes. Og jammen dukka det ikkje opp ein rev også!

DETALJ

Augensminke litt lånt frå Björk og Maria Hagerupsen. Berre sjå

Maria Hagerupsen bjork

Kunståret mitt

Der var vi så godt som ferdige med 2008, ja. Så kan ein jo spørje seg sjølv korleis året mitt har vore på kunstfronten? Jotakk, berre bra. 2008 var året der eg hadde mi første salsutstilling og byrja å selje bilete i ganske stor skala. Det er litt merkelig, men veldig kjekt.

cimg0962

I sommar byrja det å kome ein del fjell og fjordar inn i bileta mine, noko som antakeleg kjem av at eg jobba ein månad på Øye i Norangsfjorden og fekk mykje vill, norsk natur rett opp i fanget på meg. Eg byrja også å bruke fargekombinasjonen raud-blå-gul ganske mykje.

cimg0579

Det har i andre halvdel av året blitt meir liggande format, og det skjer meir i bileta mine. Ofte speler eg på forholdet mellom ulike individ, i staden for å ha berre ein person på kvart bilete.

Rognebærreven

Rognebærreven II, Henrik Koppen des 2008

Eg laga ein ny rognebærrev. Den under er frå sommaren 2007, det over er det nye (desember 2008). Tanken bak rognebærreven er ein slags versjon av Æsop sin fabel om reven som ikkje får tak i rognebæra og seier “høgt heng dei og sure er dei” .  På bileta mine har reven komt seg opp i rogna, og får så mange rognebær han berre vil. Eg trur rognebærreven saknar å vere nede på bakken. Kanskje spesielt når det er høner der.

Liten fjordsymfoni

cimg1286

Ei hand mindre

cimg1141

Det vart visst litt makabert dette her. Men, ja, saks er bra. Klippeklippeklippe. “Klipp” er vel eit onomatopoetikon, og kanskje blandt dei finaste eg veit om. Det eg likte med dette biletet her er ansiktsuttrykket hennar, det ser ut som om ho tenkjer: “næmen…..oi……”, ein reaksjon som ikkje stemmer heilt med denne hendinga, altså det faktum at ho klipper av seg si eiga hand. Bornet som sit ved sidan av legg ikkje merke til det ein gong.

cimg1134

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.