For nokre år sidan målte eg mykje fisk. No har eg byrja å ha meir fisk i bileta mine igjen, endeleg har fisken fått si renessanse. No er det ein del folk rundt i tillegg til all fisken.
Dette nederste biletet er frå mi første “fiskeperiode”
Eg likar å lage folk med instrument. Eg likar musikk. Eg speler piano sjølv, og kjenner mange musikarar sidan eg går musikklinja.
Dette er mitt nyaste bilete med ein musikar.
Klarinettisten likar eg.
(Raud prikk)
Denne cellisten hamna på Rovde.
Brått og tilfeldigvis fekk eg notane på Islamey i hende, og då målte eg eit bilete med same namn. Fint namn i grunnen, men då eg målte dette biletet var eg ung og dum, og biletet vart litt “sådär…slarvig “. Til dømes er det noko alvorleg gale med proposjonane på pianisten. Til dømes er hendene altfor små. Dessutan går det ikkje an å spele Islamey så avslappa, det er nemleg eit ganske heftig pianostykke. Men fargane vart fine, då.