Strykekvartett med dårleg samspel

27 01 2010
Strykekvartett med dårleg samspel, Henrik Koppen 2010

Strykekvartett med dårleg samspel

Det tek av med store format for tida (meir av dette seinare), denne kolteikninga er nesten to og ein halv meter høg.

Detalj

Detalj





Gamle fru Greger

27 01 2010

Lekkasje

Lekkasje

Lekkasje

Eg er med i eit band! For første gong i livet mitt er eg med i eit band, sånn på ordentleg. Eg er med i eit kunstband som heiter “Gamle fru Greger“, og vi stiller vel i grunnen opp med eit alternativ til alle desse rockebanda som herjar på skulen. Sampling av vaskar, stomp, opplesing av tekst, improvisasjon og velting av stolar og bord, er berre nokre av merkelappane ein kan setje på dette noko eksentriske bandet, DETTE ER NEO DADA BABY!, som Finn seier. Sidan tre av bandets medlem går på kunstlinja kan vi satse sterkt på det visuelle utrykket (noko som har blitt viktig notildags, har eg forstått). http://www.myspace.com/gamlefrugreger – myspace-side har vi også fått oss.

Gamle fru Greger- biletet, laga av Finn

Her er ein tekst eg skreiv til vår nyaste hitsingel, som kjem ut snart. Fyl med på myspace, seier eg berre:

Gamle fru Greger sit i ein raud øyrelappstol i stova og strikkar, autopilot. Gamal stove, gamal dame. Det var ein langdregen prosess å velje tapet til desse veggane, ein gong på femtitalet. Ho landa på ein mørkegrøn, stripete ein. Ein ho aldri hadde likt, men Gamle fru Greger klarte til slutt å forsone seg med den tunge fargen på veggane hennar, ho var ei omgjengeleg peparmøy. No var ikkje dette noko som var i Gamle fru Greger sine tankar i det heile, heile hennar konsentrasjon vart brukt til strikkinga. Ho hadde strikka så lenge at ho ikkje lenger hugsa kva ho strikka, kva ho hadde byrja på. Om ho ikkje hadde vore så oppslukt av strikkinga si hadde ho kanskje lagt merke til vatnet som hadde  byrja å renne nedetter dei mørkegrøne veggane og legge seg som eit vått teppe på golvet. Drypping, små plask og ei stadig  aukande vassmengd. Gjenstandar frå eit levd liv som letta frå golvet og byrja å flyte rundt  i rommet. Gamle fru Greger har ein alvorleg lekkasje i sitt gamle hus. Gamle fru Greger sukkar og reddar ei maske frå å bli mista, men ho ser ikkje kattane hennar som mjauande blir kasta mot veggen av ei større bølge, ho merkar ikkje at stolen ho sit i har byrja å flyte på i vatnet, at den raude øyrelappstolen renn ut døra og ut i verda.





Ferjehyrding

12 01 2010

Ferjehyrding





Nattbuss

8 01 2010
Nattbuss, Henrik Koppen 2010

Nattbuss

Ei skisse eg teikna i sommarferien på Øye, eit måleri eg byrja å måle på i september 2009, eit måleri som vart liggjande halvferdig i fire månader, eit måleri eg målte ferdi her ein dag i 2010.





Finanskrise II

6 01 2010
Finanskrise II, Henrik Koppen 2010

Finanskrise II

Ein islandsk 100-kronar.





Tilbake på Trøndertun

5 01 2010

Her kjem nokre små, artige oppgåver vi hadde på Trøndertun dei første dagane etter juleferien. Først er det eit fotografi som eg fiksa på med tavlekrit og blyant, det andre er eit bilete eg teikna av meg sjølv utan å sjå på arket (som vi seinare forstørra). Legg merke til plasseringa av munnen.





Eg har teikna litt meir i paint

27 12 2009





Revisiting Nÿnofti

26 12 2009

Her er forresten filmen eg laga i høve familiedagen på Trøndertun. Her tonesett av Múm med songen “Hú Hviss – A ship”, litt fordi eg ikkje fekk til å legge til lyden til Nina på lyd, litt fordi songen var nøyaktig like lang som den 1:29 sekund lange filmen.

Eg har forresten fått meg youtube-profil.





Eg sat fredeleg og prøvde å løyse ei rubikskube, då nokon brått stal integriteten min

21 12 2009
Eg sat fredeleg og prøvde å løyse ei rubikskube, då nokon brått stal integriteten mi

Eg sat fredeleg og prøvde å løyse ei rubikskube, då nokon brått stal integriteten min





Krinslaup

3 12 2009
Krinslaup

Krinslaup

Eg likar grøn energi, fornybar energi. Det er grunnen til at det står ein vindgud og bles i ei vindmølle. Der skal han stå til evig tid, og vi får lys i lyspærene våra.